Totalt antal sidevisningar

mandag 1. oktober 2012

Vel framme (1.oktober)

Då var vi omsider komne trygt fram til Marangu Hotel!
Bilturen + flyturen + venting + transport frå flyplassen til hotellet kom på drøye 30 timar.
Eine var meir av i ryggen enn den andre,
og gleda over å kunne strekke på beina utanfor Kilimanjaro International Airport var stor.

På flyturen mellomlanda vi mellom anna i Doha i Qatar.
Her var det 31 grader, særdeles høg luftfuktigheit og særdeles ukomfortabelt.
Vi var glade vi ikkje skulle gå på fjelltur her for å seie det slik!
Men til gjengjeld var der mange fine sjaikar, samt store boksar med Nutella å sjå på

Etter nok ei mellomlanding i Dar es Salem var vi klare for siste etappe mot Kilimanjaro International Airport.
Og no kom høgdepunktet på den 30 timar lange turen!
Skydekket låg tett, men ikkje spesielt lågt, og over skydekket trona sjølvaste Kilimanjaro!
Åleine, mellom alt det kvite.
Tenk, om få dagar står vi på akkurat den toppen og speidar utover!
*skrekkblanda fryd*

~ Dei tre fjella Shira, Kibo og Mawenzi som til saman utgjer Kilimanjaro ~

~ Sjølvaste Kibo ~
~ Gleda og fasinasjonen var stor over å sjå toppen vi skulle besøkje FRÅ flyet OVER skyene! ~

~ Vel framme på Tanzaniansk jord etter 30 timar på reisefot ~
~ Visum må til ~
~ Siste etappe gjekk i bil fram til hotellet ~
~ Vårt første møte med Tanzaniansk natur ~

Vel framme på hotellet fekk vi beskjed om å pakke ut av baggane våre,
og legge alt fjellutstyret på senga.
Snart ville det kome ein person for å sjekke at vi hadde med oss alt vi trengde.
Kvakkine måtte låne seg sovepose, men elles var alt i boks.

~ Alt lina opp og klart for å pakkast ned ein siste gong før avreise ~
~ 15 kg sa du? Perfekt! ~
Klokka 16.00 var det tid for infomøte om morgondagens utflukt. 
Der fekk vi og helse på 2 andre par som er ute i same ærend som oss. 
Eit av para skal gå saman med oss på Lemosho-route dei første dagane.
Ein og ein halv time til endes fekk vi info og nyttige tips som kan vere greit å ta med seg på turen. 

Eksempel:
1) Oppe i høgda er det veldig tørr luft, noko som fører til at linsene tørkar fort ut, 
og å blinke er ikkje nødvendigvis så lite energikrevjande der oppe som her nede. 
Konklusjon: Ta med briller.

2) Mange når Stella Point (ca. 5700 m.o.h), ikkje fullt så mange når Uhuru Peak (5895 m.o.h.), 
men er du istand til å ta 2 skritt på eigahand, utan hjelp, 
er du i stand til å gå dei siste høgdemetera også.

3) Det kjem is på teltet klokka 8 om kvelden.

4) Hødesjuke = mora til fyllesjuka + faren til fyllesjuka på ein gang. 
Særs lite behageleg, men fullt mogleg å leve med.

5) Når vemodet tek deg og du lurer på kva i alle dager du har begjett deg ut på: 
tel skritta dine, så har du i alle fall noko å tenkje på.

6) På siste etappe må vi ha med oss oppdelt sjokolade, fri for embalasje, 
då det ikkje er så enkelt å opne sjokoladepapir i ørten minus. 
Sjokoladebitane må du la smelte på tunga, 
då tur operatørane våre har vore ute for at personar har knekt tenner på isa sjokolade.

Personalet på Marangu Hotel er særs hyggelege og hjelpsomme.
Etter infomøtet fekk ein av styrarane ein safarisjåfør til å kome til hotellet for å legge opp ei safarirute, spesialtilpassa etter våre ønske.
Slikt kallar vi service!
Etter mykje diskusjon fram og tilbake kom vi fram til følgande plan:
Tysdag: Vi kjem nedatt frå fjellet.
Onsdag: Vi gjer absolutt INGENTING!
Torsdag: Safari-mannen plukkar oss opp klokka 08.00 og køyrer oss dei 4 timane til Lake Manyara.
Der tek han oss med på «Evening game view» (forhåpentlegvis med solnedgang) 
før vi sjekkar inn i telta (vel og merke telt MED sengar, noko vi passa på å forsikre oss om).
Fredag: Heildagssafari med besøk i Ngorogoro-krateret.
Laurdag: Ei alternativ rute tilbake til flyplassen gjennom ein «Masaai village» 
før flyet heim går 16.20.

Litt bilete frå hagen på Marangu Hotel som mellom anna kan skryte av at
dei har 240 ulike typar fuglar som held til på området.


~ Kunne du tenkt deg eit lilla tre i hagen? Det kunne vi! ~ 

~ Ein av dei over 200 typane ~
~ Afrikansk regn er ikkje som anna regn ~ 
~ Det regna så mykje at Kvakkine vart våte på tæna langt under tak ~
~ Fine blomar i Afrikalandet ~
~ Vår "gode venn" Gekko ~
~ Og jammen har ikkje dei strategisk plasserte hjarter i Tanzania òg ~ 
I morgon tidleg klokka 9 vender vi nasa mot Kilimanjaro.
Om ei veke er vi forhåpentlegvis nede att med nye bilete


K, K & C <3


3 kommentarer:

  1. For tiande gang: GOD TUR!!!!! Gleda meg til å lese meir. Klem.

    SvarSlett
  2. Følger spent med! Kan glede dokke skikkelig til Ngorongoro også. AB

    SvarSlett
  3. ååå kor spennande!!!:) tru ej hadde fått lett panikk over dei "nyttige tipsa" dokke fekk ;) hihi

    SvarSlett