Totalt antal sidevisningar

mandag 15. oktober 2012

11. oktober: Avreise til Lake Manyara og ettermiddagssafari


I går skeia vi heilt ut og var ikkje i seng før klokka var halv eitt på natta! 
Slikt er nærmast for galskap å rekne med tanke på at vi stort sett har vore i seng før 20.00 siste veka,
men Årdøle er framleis trivleg selskap, og slikt kan ikkje sovast vekk. 
Men Winlock skulle vere klar for avreise til Lake Manyara National Park klokka 08.00, 
så når klokka ringde litt for tidleg, var det berre å stå opp, pakke saman pikkpakket sitt, 
riste vekk litt maur, få i oss litt frukost og setje oss i bilen. 
Turen frå Marangu til Lake Manyara strekte seg over fem klamme, varme og humpete timar i bil. 
Er det noko dei er gode på her nede, så er det å lage krappe fartsdumpar, 
køyre forbi både i tide og utide, samt det å tute for alt og ingenting. 
Men vi kom oss trygt fram og var klare for safari ut på ettermidagen ein gong.

Lake Manyara er eit veldig frodig område i kontrast til områda rundt, 
og safarien starta i eit regnskogliknande område. 
Dette var utan tvil området til bavianane.  
Vidare på turen opna landskapet seg opp og vi fekk sett mellom anna løve, elefant, sebra, 
giraff, flodhest, gnu, ulike typar antilopar, vortesvin, forskjellege fuglar og struts. 
Safari er absolutt stas, og absolutt enklast å gjengi i bilete;

























~ Baobab-tre, litt større enn ei gjennomsnittleg norsk fjellbjørk ~


Etter safarien var vi byrja å bli godt slitne,
etter langt over ein arbeidsdag i bil i den trykkande varmen, 
og tanken på eit hotellrom og noko kaldt å drikke var forlokkande. 
Winlock hadde ordna rom til oss på ein plass han sa var «quite nice» og som hadde alt vi 
trengde og der alt var inkludert til den kjekke pris av 40$ natta i telt og 60$ natta i rom. 
Kvakkine hadde gode erfaringa frå safari i Kenya, der teltduken var det einaste 
som minte om eit telt i dei telta som vart brukt som overnattingsstad den gongen. 
Telta i Masai Mara hadde nemleg innlagt vatn, flislagt bad, 
dusj, varmeflasker i sengane, straum og toalett. 
Så, supert tenkte vi, og venta spent medan Winlock snirkla seg oppetter fjellsida. 
Då vi tok av frå hovudvegen byrja vi derimot å ane uråd. 
Skiltet som viste veg til den omtalte lodgen var knapt lenger synleg mellom buskaset, 
og vegen vart smalare og smalare og meir og meir humpete. 
Vel framme i lodgen vart vi tatt varmt i mot av ein hyggeleg kar med namn Israel, 
flott kledd og veldig serviseinnstilt. 
Han forsikra seg særdeles mange gangar om vi var sikre på at vi ikkje ville ha noko kaldt 
å drikke før vi bestemte oss for om vi ville sove i telt eller i rom. 
Vi var ikkje heilt komfortable med plassen i det heile, 
og kjende vi vart uvel i magane ved tanken på å ete maten her. 
Joseph og teamet hans har enkelt og greit skjemt oss vekk i fjellheimen! 
Då vi omsider fekk sjå overnattingsalternativa, 
fekk vi bekrefta at skiltet i vegkanten ganske godt representerte standarden på lodgen, 
og etter eit lite kråketing, nøye overvåka av Israel, 
moda vi oss opp til å spørje Winlock om det ikkje var mogleg å finne 
noko som var litt meir likt standarden på Marangu Hotel. 
Winlock stakkar hadde berre prøvd å gjere oss fornøgde, 
då han trudde vi var ute etter å overnatte rimlegast mogleg, 
men vanskelege nordmenn er ikkje alltid så gode å forstå seg på. 
Etter litt om og men ordna Winlock eit 3 mannsrom til oss på Twiga Campsite and Lodge, 
til den nette sum av 200$ til saman. 
Å punge ut med 7$ ekstra per perosn for det bytet gjorde vi meir enn gjerne. 
Første gode teiknet vi såg på Twiga var at der var andre folk 
– og slikt lovar vel bra, gjer det ikkje det? 
På Twiga hadde dei hotellbar med kaldt drikke, svømmebasseng, 
internett, fine rom og myggnett over sengane. 
Vi var godt nøgde og kom fort inn i vante rutinar att med å finne senga tidleg etter ein betre middag.
Det er rart med det kor trøtte ein blir når det blir mørkt klokka 6.

(Vi såg for øvrig igjen Årdølene i ein sving tidlegare i dag. Litt komisk med tanke på at vi har køyrt over 5 timar i retning vekk frå Marangu. Men Tanzania er tydlegvis ikkje så stortJ)

C, K & K <3

2 kommentarer:

  1. No syns eg jammen at du må kome deg ut på tur att snart slik at eg får noko kjekt å lese når eg set meg ned med datamaskina:-) Saknar å sitte her å le og humre for meg sjølv:-)

    SvarSlett
  2. *smile*
    Du e no bra go Jorunn:)
    Kjenne de kribla litt i ut-på-tur-foten, so ken veit;)

    SvarSlett