Totalt antal sidevisningar

tirsdag 9. oktober 2012

Dag 6 (7. oktober): Karanga Camp – Barafu Camp

Nok ein dag med kort førsteetappe, gjorde at vi fekk lov å sove til klokka sju.
 Men det er rart med det når ein legg seg klokka 20.00, natta vert på ein måte lang nok.
Så 06.00 var vi fit for fight. Joseph er ein bestemt mann, og då vi kom fram til campen i går kveld,
var det tydeleg at det var noko han ikkje var fornøgd med.
Men med vår dårlege swahili-kunnskap forstod vi ikkje heilt kva han meinte
før vi sette oss inn i teltet for lunsj. Campen var skeiv, det var det som var problemet.
Men VI klaga ikkje!
Matteltet halla ikkje meir enn at det akkurat var plass til to auser med suppe på tallerken
før det rann over, og slikt må vi tåle
Også det å sove i nedoverbakke er litt meir utfordrande enn å sove på flata,
og graden av makking har vore særdeles høg. Men sove fekk vi i natt og.
Og på den positive sida; sidan føtene låg lengst nede slapp vi å skli ut av soveposane,
og det å skli ned i soveposane er jo både varmt og godt

~ Tidleg morgon i Karanga Camp ~

~Pole-pole hurry up ~
~ Kibo nærmar seg sakte men sikkert ~

Dagens etappe strekte seg over ca. 5 km og var unnagjort på 2 timar og 15 minutt.
Vi vandra frå 3920 m.o.h og opp til 4600 m.o.h. Og vi er framleis i storform!
Ikkje ilt eller ubehageleg eller ukomfortabelt på nokon måte, og matlysta er framleis på topp.

~ Dagens etappe gjekk gjennom den alpine sona ~ 





~ Vegen mot Baranco ~ 


~ Første glimt av Baranco Camp, 4600 m.o.h. ~
~ Baranco Camp ~ 

Rett før vi nådde toppen møtte vi Katie og Eugine på veg nedatt. Dei hadde klart det! Skål for dei!
Framme i campen har vi ete, drukke te og samla krefter til toppstøtet.
Til middag fekk vi servert spagetti, og då kan ikkje livet bli så mykje betre!
Etter lunsj lagde vi til ein liten pakke til kvar av guidane våre
med sjokolade, nøtter, tå- og handvarmarar og ei ullskjorte til kvar.
Håpar dei forstår at vi set pris på dei!



~ Registrering i campen må til og Joseph passar på at alt går riktig for seg ~

~ Campen vår, på nøyaktig same plass som Weronika Nitsch campa ca akkurat eit år før oss ~ 
~ Godt nøgde med å vere framme utan høgdeplage av noko slag ~ 

~ GPS var ei spanande sak ~ 
~ Campen til nordmenna stod framleis når vi kom opp, og vi var spente på kor det hadde gått med dei ~

~ Utsikt frå teltopninga ~


~ Guide-gåver ~ 
~ SPAGETTI!! ~ 
~ Nykvilde og klar for å kome igang med siste etappe ~

No er det berre å vente til klokka vert 23.30 og vi vert servert den siste te-en som Kvakken kallar den. 00.00 er det avreise, og då er det ingen veg tilbake.
Eller som Kvakken så treffande sa det
«Vi gir oss ikkje før dessa der byrjar å kretse over oss!»
og sikta til dei godt over gjennomsnittet feite ramnane som har
halde til i dei fire siste campane vi har sove i.

~ Feit, mett og god ~

 I campen møtte vi og på delar av det norske følget.
Dei hadde hatt det særdeles tøft siste døgnet, og at fleire var plaga av høgda,
gjorde ikkje saka så mykje betre. Men 11 av 16 kom seg ogg, og guiden deira var fornøgd med det.
Det hadde ikkje vore Joseph som hadde ytra dei orda for å seie det slik.
For han er det eit nederlag for kvar enkelt som må snu før Stella Point.
Vi syns det er synd å sjå kor stor forskjell det er på ulike turoperatørar,
når vi samanliknar med dei seks FANTASTISKE dagane vi har hatt så langt.
Vi snakka litt med guiden til det norske følget, og passa på å skryte av Marangu Hotel,
av maten og av servicen og oppfølginga vi fekk av teamet.
Trist når den norske guiden då svarar «Maten er den same hos alle».
Men det er ikkje vanskeleg å forstå at matutgiftene er det første
turoperatørane kuttar på når turen blir skrudd ned.
Å kome seg opp er ein seier for den enkelte,
og mykje tid og ressursar er blitt lagt ned for å få tak i den rette forma og det rette utstyret.
Då er det godt å ha guidar som bryr seg om deg,
og legg alt til rette for at nettopp DU skal kome deg opp.

1 kommentar:

  1. So spennande :) Kryssa fingrane for at dokke når toppen alle tre!!:))

    SvarSlett