Totalt antal sidevisningar

tirsdag 9. oktober 2012

Dag 2 (3. oktober): Lemosho Camp – Shira 1 Camp

Dagen starta med eit «Good morning, did you sleep well?» gjennom teltduken klokka litt over 6.
Halv 7 fekk vi servert rykande varm te i teltopninga, før vaskefatet vart sett fram.
07.00 var frukosten klar.
I mellomtida fekk vi beskjed om å pakke saman tinga våre, noko som var enklare sagt enn gjort.
Lite plass, mykje ting og ikkje minst mykje finkorna sand
gjorde at vi måtte tenke oss om både ein og to gongar.
Lærdom: Ikkje bruk så mykje tid på å rote kvelden i forvegen :)

~ Morgonstund har gull i munn ~
~Big Tree Camp ~
~Stor aktivitet i leiren før avgang ~
Dagens frukostmeny bestod av havregrynsgraut. Grauten var god og vi åt oss gode og mette.
Då plutseleg såg vi at det låg kniv og gaffel på bordet, og kort tid etter vart hovudretten servert;
steikt egg, friterte pølser og dei obligatoriske loffskivene.
Lærdom nummer 2: Ikkje et deg mett på forretten
Vi har fått beskjed om å drikke fire koppar varm te morgon og kveld.
Vi gjer så godt vi kan, men må ærleg innrømme at vi slit litt med å oppfylle dette kravet.
Grunnen til det store væskeinntaket er at til meir ein drikk, til betre rusta er ein mot høgdesjuke.
Eit væskeinntak på om lag 5 liter om dagen aukar sjansane for å nå toppen,
og til topps vil vi sjølvsagt!
Skål!

Klokka åtte var Joseph byrja å bli utolmodig og vi la av garde.
Vi starta med ein time gange gjennom regnskogen,
før «The moorland» og utsikta opna seg framfor oss.




~I regnskogen hadde trea skjegg - mykje skjegg! ~ 


~Flinke folk som gjer ein fantastisk jobb ~


~ Fotografen fotograferar - guiden er tolmodig ~

~ Vegen vidare ~

~ Den lokale medisinen mot diarè ~

~ Ja, du ser riktig! Joseph går i t-skjorte! ~
~ <3 ~

Herifrå gjekk vi opp ein bakke og ned ein bakke og opp og ned igjen
fram til klokka var tolv og det var lunsjtid.
Kokkane hadde laga gode lunsjboksar med mellom anna sandwich
med roastbeef og mangosylte som verken falt i god jord verken hjå Cecilie eller Kvakk.
Kvakkine syns derimot at sandwichen kom under kategorien ein god,
ny og spennande smaksopplevelse.

~ Kosleg lunsj i kosleg selskap ~

 Etter lunsjen var det ein liten times gange igjen til var det ein liten times gange igjen til campen.
Vel framme på campen hadde vi ei fantastisk utsikt rett mot
den høgaste toppen av Kilimanjaro – Kibo.
Total tid på dagens etappe: 4 timar og 57 minutt.
Tid oppgitt i ulike guidar: 5-6 timar.

~ Shira 1 Camp med Kibo i bakgrunnen ~



~ Luksus! ~
Cecile tok vanntest på skoa sine før vi reiste til Tanzania.
Eine skoen lak, og slikt er ikkje noko å dra med seg på tur.
Nye fjellsko vart difor inngått i dag, med lovande resultat.



Høgdesykja byrjar ofte å melde seg rundt 3000 m.o.h.
I dag campar vi på 3610 mo.o.h. men kjenner framleis ingenting, dette lovar bra
Dei mange biverknadane til Diamoxen (høgdesjuketablettane) har vi heller ikkje kjent noko til,
med unntak av litt prikking i armar og bein, men slikt kan vi leve med.

Elles har dagen i dag stort sett gått med til å ete.
Ei lita stund etter vi kom fram til campen var det «Tea-time».
Vi var eigentleg gode og mette etter lunsjen enno, men trappa lydige opp i matteltet.
Der vart vi servert popcorn-tallerken toppa med muffins.
Ein artig kombinasjon og veldig godt

~ Vårt første møte med popcorn-tallerken toppa med kva anna enn muffins ~

Te drikke vi ma vi klara.
Etter å ha fått sett oss litt rundt omkring i campen og rydda litt i baggasjen
slik at pakkinga i morgon skal gå litt lettare,
så stakk assistent-kokken hovudet beskjedent inn teltopninga med beskjeden
«Supper is ready!».
Vi kika mette på kvarandre og lurte på om supper var det same som non eller middag.
Før vi gjorde oss klare for ei ny matøkt.
No vart vi servert ei aldeles nydleg spinatsuppe.
Dinna kokken kan sine saker, også høgt til fjells!
Etter å ha ete både ei og to og tre skåler, såg vi nok ein gong at det låg kniv og gaffel på servietten vår.
Oi, vi lærer visst aldri!
Straks etter kom kokken med ein toppa tallerken med lasagne og salat.
Her var det berre å ta sats!
Til dessert fekk vi avokado, til Kvakken si store begeistring
Cecilie var så mett at ho gjennomførte ein personleg kamp med kvar einaste bit.
Då Kvakk kom med den gode ideen:
«Kvakkine, viss du ete avokadoen min, so kan eg ete litt av lasagnen til Cecilie,
så ser det ut som om ho og ha ete noko!».
Det syntest Cecilie var ein steikjande god idé

Etter middag var vi så øydelagde at vi måtte ta oss ein liten middagskvil som enda på to timar.
 Så gjekk vi ein liten tur rundt campen, og på do nok ein gong før vi la oss til å sove for natta.
Første teikn til høgdesjuke meldte seg litt etter middag i hovudet til Kvakkine.
Vi kryssar fingrane for at det skuldast for mykje mat, og håpar det blir likare imåra







~ Jammen flaks det berre er ei veke til neste gang ein kan bruke balsam! ~
~ Litt betre? ~
~ Blogging må til ~
~ Og studering av kart må til ~
K, K & C <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar