Totalt antal sidevisningar

mandag 15. oktober 2012

Dag 7 (8. oktober): Barafu Camp – Uhuru Peak – Barafu Camp – Mweka Camp


Dag sju starta klokka 22.00 på dag nummer seks. 
Kvakkine og Cecilie hadde då fått sove nokre timar, og Kvakk hadde prøvd å fått sove nokre timar. 
Då var det på tide å ta på seg det ein hadde av varme kle.
Oppe: Ull + ull + fleece + dun + gore-tex.
Nede: Ull + fleece + gore-tex.
Resten: Buff + hue + hovudlykt + hette + hanskarar + tåvarmarar.
I dagstursekkane skulle det vere så lite som mogleg og det vart pakka ned 
vatn isolert med tåvarmarar, kamera og førstehjelpsutstyr. 
Resten hadde vi på oss for å beskytte det mot kulden (sjokolade batteri ++).

~ Godt innpakka og klare for toppstøtet ~
23.30 var det tid for te og kjeks. 
Sommarfuglane hadde invadert magane våre, 
og vi var eigentleg mest klare for å berre kome oss av garde. 
23.45 var hovudlyktene komne på og vi la av garde mot toppen. 

~ The last tea ~
I dag var tempoet pole-pole med stor P, noko som passa oss utmerket i den tynne fjellufta. 
Når vi løfta blikket i retning Kibo såg vi køen av hovudlykter som var på veg i same ærend som oss og tenkte; 
Dette blir ei spanande natt!

Vegen opp var lang og til tider bratt. 
No fekk vi verkeleg kjenne kor lite krefter ein har i den tynne fjellufta. 
Kvakkine gjekk seg heilt tome opp i dei mørke bakkane, men kom seg opp utan større problem 
ved hjelp av nokre bitar new energy og rosande ord.
Kvakken vart ikkje plaga av noko anna enn litt kvalme etter Stella Point, 
og Cecilie greide seg utan nemneverdige problem av noko slag.
Hovudverken kjende vi nesten ikkje noko til, og kulden isolerte vi ute med gode kle.
Flinke guidar, sjokolade og ulike strategiar som å telje skritt og tenke på ein god varm dusj 
og andre fine ting, gjorde med andre ord at turen opp til Stella Point var overkomeleg. 

~ Utsikta vi hadde når vi snirkla oss mot toppen av Afrika ~
No var vi over den verste kneika, og igjen stod ein liten time vandring inn mot toppen. 
På Stella Point fekk vi oss kvar vår kopp varm te før vi tok fatt på siste etappe.

05.45 var vi på toppen av Afrika!
Vi greide det!
Vi klarte det!
Alle tre,
og Umbra!
Ilag med dei tre fantastiske guidane våre.

~ ENDELEG! ~ 
~ Joseph, Frank og Umbra ~
Dobbel, trippel og skvadruppel HURRA!
~ Cecilie på 5895 m.o.h. ~
Nok ein gong dobbel, trippel og skvadruppel HURRA!
~ Kvakk og Kvakkine på 5895 m.o.h. ~
På toppen var det den obligatoriske toppfotograferinga 
før pole-pole Joseph vart bytta ut med hurry-hurry Joseph, 
og vi var på Stella Point igjen omtrent før vi fekk sukk for oss. 
Heldigvis var Kvakken oppegåande nok til å ta eit par utsiktsbilete frå toppen før han hasta nedover etter oss hine. 

~ Nydeleg utsikt over skyteppet frå toppen ~


Nede på Stella Point fekk vi nyte soloppgangen og kjenne varmen frå sola kome strøymande. 
Det var godt! 

~ Soloppgang på veg nedatt ~


~ Utsikt over vegen nedatt, sola er stått opp og feirar at vi har nådd toppen! ~
Vêret i natt var optimalt som det har vore på resten av turen. 
Opplett, stjerneklårt og måneskin. 
Einaste bakdelen var ein sur vind, men heller ikkje det var noko problem med gode kle. 
Turen nedatt til Barafu Camp strekte seg over ca. 1300 høgdemeter og var gjort unna i ein fei. 
Hovudsakleg beståande av kutting av svingar og skliing nedgjennom grusen. 
I dagslys såg vi kor langt det eigentleg var å gå, 
og var godt nøgde med at vi hadde gjennomført marsjen i mørkna.

I campen var det tid til å legge seg nedpå ein liten time før det var lunsj (klokka 09.00), 
pakking og avreise vidare. Målet var Mweka Camp (3100 m.o.h.).

~ Vel inne i dagens tiande time med gåing, men humøret er framleis på topp ~
Vel framme på Mweka Camp var vi godt segne. 
Med unntak av pausa på Barafu Camp hadde vi gått i 
11 timar og 45 minutt og lagt bak oss 1300 høgdemeter oppover og 2800 høgdemeter nedover! 

Vi var i mål! 
Vi hadde vore på toppen av Afrika! 
Draumen var gått i oppfyllelse. 
Tilbake satt vi, litt slitne, litt rare, litt tome og veldig glade. 

~ Vel nede i Mweka Camp, særdeles godt nøgd med innsatsen siste døgnet ~
~ Skoa til Kvakken gjorde ein heiderleg siste innsats under turen. Godt ein har duck-teip! ~ 

Turen opp til Uhuru Peak strekte seg over mange dagar, 
medan turen ned derifrå skulle gjerast på ein og ein halv dag. 
Når vi klatra så raskt nedover høgdemeterane fekk vi på ein måte ein hurtig gjennomgang 
av kva vi hadde opplevd den siste veka. 
Vi starta i den alpine sona, så inn i moorland før vi campa i byrjing av regnskogen. 
På turen oppover merka ikkje vi så godt at oksygeninnhaldet i lufta vart mindre, 
sidan alt skjedde så gradvis, men vi merka veldig godt at oksygenet kom tilbake!
I Mweka Camp kunne vi plutseleg gå i normalt tempo utan å bli andpustne 
og sove samanhengande ei heil natt tilnærma utan å makke. 

Ein annan ting som var godt med å kome ned i «lavlandet» att, 
var var vi ikkje tenkte å tenke på høgda meir. 
Vi kunne drikke når vi var tørste og stoppe der. 
På turen har væskeinntaket vore enormt og Kvakkine sette rekord på fem liter på ein dag. 
Eit normalt væskeinntak gjorde at også  hyppigheita av dobesøka kom tilbake til normalen. 
Godt! 

Vêret på heile turen har vore optimalt og einaste regnet som har kome, 
har vore nokre få dropar eit par kveldar etter at vi var komne i soveposen. 
Eit så tørt klima gjorde at stiane var ekstremt støvete. 
Då vi kledde av oss i Mweka camp, etter 7 dagar i fjellet, stod kleda våre omtrent av seg sjølve. 
Det var støv i nasa, støv i øyrene, støv under negla, støv i håret, støv i sokkane, støv i teltet, 
støv i soveposen og støv mellom tenna. 
(Noko som har resultert i at både Kvakkine og Cecilie midlertidig har slutta å bite negleJ )
Det blir nok ikkje heilt feil med ein dusj og reine kle i morgon for å seie det slikJ

C, K & K <3

2 kommentarer:

  1. kjempebra bilder. Mye jobb å huske på det også. Veldig fristende å gjøre det kan du si.

    SvarSlett
  2. Kjekt og følge med og lese.... Velkomen heim og gratulere til alle 3 med bragden

    -----
    Helsing Robert og gjengen :)

    SvarSlett