I dag hadde vi ein roleg dag i vente,
og skulle difor få lov til å sove ein halvtime lengre.
Vi kravla opp i soveposen klokke åtte i går kveld, og tenkte at dette skal bli godt.
Klokka 06.00, ein halvtime før ruta istadenfor etter, var vi lys vakne.
Ja, ja tenkte vi då. Då får vi heller prøve å vere ferdigpakka før Josep istadenfor då!
Men plutseleg var klokka midt på seint, Joseph stod klar for avgang og vi var som vanleg ikkje klar.
Vi må nok berre innsjå at vi er håplaust lite effektive så tidleg på dag.
Dagens etappe starta med Barranco Wall, ein fjellvegg vi hadde høyrt mykje om på forhand.
Veggen skulle vere både tung, vanskeleg, skummel og til tider uframkomeleg,
men etter å ha stått ei stund i kø, og stått litt lenger for å sleppe forbi eit stort antal berarar,
kom vi oss velberga opp alle mann.
Når det gjeld køståinga og berarane må nesten bileta få tale for seg sjølve!
Ei fantastisk oppleving å få vere med på, rett og slett!
Veggen var langt frå så uframkomeleg og bratt som vi hadde sett for oss,
men vi kjende godt at vi var i live fleire gongar på veg opp.
Bratt ned og mange berarar framfor oss med mykje baggasje balanserande på hovudet
gjorde sitt til at blodpumpa fekk jobba litt ekstra den vesle timen vi brukte på å klatre veggen.
Hadde Barranco Wall bestått av sleip vestlandsgranitt hadde nok saka vore ei heilt anna.
Kilimanjaro består nemleg av ulike vulkanske bergartar som gjev utruleg godt feste.
I det norske følget vi møtte i går kveld, var der ei dame på 73 år.
Veggen gjekk som sagt mykje lettare enn vi hadde fykta, men vi var glade vi ikkje var 73 år alikavell!

~ Æ e berre litt hoven i tryne på morran slik som dokker, dokke ser de bærre issje sjøl! ~ |
~ Med Kibo i bakgrunnen ~ |
~ Å bli metta på slikt eit syn trur eg må vere umogleg ~ |
Dagens etappe starta med Barranco Wall, ein fjellvegg vi hadde høyrt mykje om på forhand.
Veggen skulle vere både tung, vanskeleg, skummel og til tider uframkomeleg,
men etter å ha stått ei stund i kø, og stått litt lenger for å sleppe forbi eit stort antal berarar,
kom vi oss velberga opp alle mann.
Når det gjeld køståinga og berarane må nesten bileta få tale for seg sjølve!
Ei fantastisk oppleving å få vere med på, rett og slett!
Veggen var langt frå så uframkomeleg og bratt som vi hadde sett for oss,
men vi kjende godt at vi var i live fleire gongar på veg opp.
Bratt ned og mange berarar framfor oss med mykje baggasje balanserande på hovudet
gjorde sitt til at blodpumpa fekk jobba litt ekstra den vesle timen vi brukte på å klatre veggen.
Hadde Barranco Wall bestått av sleip vestlandsgranitt hadde nok saka vore ei heilt anna.
Kilimanjaro består nemleg av ulike vulkanske bergartar som gjev utruleg godt feste.
I det norske følget vi møtte i går kveld, var der ei dame på 73 år.
Veggen gjekk som sagt mykje lettare enn vi hadde fykta, men vi var glade vi ikkje var 73 år alikavell!
~ Barranco Wall ~ |
~ Lang, lang rekke ~ |
~ Tolmod er ein dyd ~ |
~ Satorini stakkar hadde henda fulle med å passe på dei som var litt for lystne på å gå ut på kanten ~ |
~ Eit siste glimt av Barranco Camp med hjarte i fjellveggen ~ |
~ Vi kom oss opp! ~ |
Etter Barranco Wall gjekk vi opp og ned nokre dalføre før vi var framme på Karanga Camp.
Turen hit strekte seg over 5,4 km og var unnagjort på 3 timar og 15 minutt.
Den lange tidsbruken seier litt om at dagens etappe har bestått av litt fleire bratte parti
enn vi har vore vane med frå dei første fire dagane.
~ Tydeleg at vi er over i den alpine sona ~ |
Nok ein vellukka hoppebildeserie:
~ Siste bakken opp mot Karanga Camp ~ |
Vel framme på campen rakk vi å ønskje Katie og Eugine god tur før dei traska vidare mot toppen.
Den etappen skal vi heldigvis ikkje tilbakelegge før i morgon.
Etter at vi hadde fått vaska oss i kvart vårt vaskefat med varmt og godt vatn,
som forøvrig er ein luksus vi set meir og meir pris på ettersom vi vert skitnare og skitnare
og vêret vert kaldare og kaldare, så var det tid fur lunsj.
Matserveringa så langt på turen kvalifiserer til fire stjerner og vel så det.
I dag fekk vi servert kyllingsuppe til forrett og kylling med pommes frites til hovudrett.
har vi ikkje kjent så mykje til for å seie det slik.
Kokkane gjer ein fantastisk jobb, og vi har vore meir eller mindre kronisk mette sidan vi starta.
Luksus!
Etter lunsj tok Satory oss med til toppen av ryggen bak campen (4300 m.o.h)
for å få litt høgdetrening og dagen i campen skulle bli litt kortare.
Satory er ein trivleg og pratsom type og kunne mellom anna fortelje at han starta som porter i 2002.
Han arbeidde først eit år som berar, så eit år som kokk,
deretter gjekk han over til å bli både summitporter og kokk.
Ein summitporter blir med turistane mot toppen siste natta og tek med seg dei som evt.
ikkje klarar meir ned til Barafu Camp som er den siste campen før toppstøtet.
I 2007 vart han kursa, og har arbeidd som guide sidan. Sidan den dagen han var summitportet,
har alle han har hatt med seg komt seg til Stella Point, Guilmans Point eller Uhuru Peak.
Det er litt av ein statistikk å skryte av berre det, so får no vi sjå
Elles har vi fordreve kvelden med å
ete nok ein deileg middag, fotografert kvarandre,
oss sjølve og ikkje minst umbra før vi nytte utsikta av fine kvite skyer, OVANFRÅ,
og avslutta kvelden med ein nydeleg solnedgang. Formen er framleis overraskande bra!
Ingen merkar nokon plager av noko slag og både magen og hovudet har det bra.
Einaste høgdeteiknet vi har kjent, er at pulsen stig mykje forare berre ein tenkjer på å bevege seg,
samt at komforttempoet i bratte motebakkar er betydeleg lågare enn heime.
Cecilie bekymrar seg for at ho har det alt for bra, og lurer fælt på når plagene skal starte.
Vi kryssar fingrane for at flaksen held fram,
og at vi kjem oss på toppen med ei moderat dose hovudverk, kvalme og oppkast.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar