Kvakkine vakna 06.30 av at Kvakk skulle
ut og fotografere Kilimanjaro.
I går var det nemleg disigt heile
dagen, så vi fekk ikkje sett toppen anna enn frå lufta.
Sidan frukosten ikkje vart servert før 07.30,
var det uaktuelt for Kvakkine sitt Yri-sovehjerte å avslutte natta allereie no.
Augebinda kom på og natta vart utvida med ein liten time.
Kvakken derimot fekk tatt mange fine bilete:
Under bloggskrivinga i går fekk vi erfare att netthastigheita i Afrika ikkje er heilt den same som heime.
Tanken var då å laste opp bilda i dag medan vi åt frukost, for då hadde vi litt meir tid å ta av,
men i dag virtka ikkje internettet, dama i resepsjonen let seg ikkje uroe av det,
og trøsta oss med at det kanskje virka om vi kom tilbake ein annan gong.
Hakuna matata!
Klokka halv åtte fekk vi oss ein betre frukost,
før vi gjorden den siste finpakkinga og bar baggasjen ut til temaet vårt.
Her fekk vi oss ei overrasking!
Vi har heile tida trudd at vi skulle ha med oss ein guide og fire berarar, men tok vi grundig feil!
Det viste seg at ein guide og fire berarar per person var nærare sanninga.
Teamet vårt består nemleg av Joseph (hovudguide), Satorini og Frank, (assistentguidar),
ein kokk, ein servitør/assistentkokk og åtte berarar.

~ Avreisedag og rette fargen på himmelen igjen ~ |
~ Kibo sett frå Marangu Hotel ~ |
~ Ein annan av dei over 200 fuglesortane ~ |
~ Den obligatoriske morgondisen ~ |
Under bloggskrivinga i går fekk vi erfare att netthastigheita i Afrika ikkje er heilt den same som heime.
Tanken var då å laste opp bilda i dag medan vi åt frukost, for då hadde vi litt meir tid å ta av,
men i dag virtka ikkje internettet, dama i resepsjonen let seg ikkje uroe av det,
og trøsta oss med at det kanskje virka om vi kom tilbake ein annan gong.
Hakuna matata!
Klokka halv åtte fekk vi oss ein betre frukost,
før vi gjorden den siste finpakkinga og bar baggasjen ut til temaet vårt.
Her fekk vi oss ei overrasking!
Vi har heile tida trudd at vi skulle ha med oss ein guide og fire berarar, men tok vi grundig feil!
Det viste seg at ein guide og fire berarar per person var nærare sanninga.
Teamet vårt består nemleg av Joseph (hovudguide), Satorini og Frank, (assistentguidar),
ein kokk, ein servitør/assistentkokk og åtte berarar.
~ Teamet gjer seg klar for avreise. Mykje som skal hugsast på og mykje som skal pakkast ned ~ |
~ Spente, nervøse og gira på å kome igang ~ |
~ Frank og Joseph i framsetet ~ |
~ Kvakk, Kvakkine, Cecilie, Katie og Eugine i buisness class, og resten av dei to teama i baksetet ~ |
Klokka 10 var alt av folk og baggasje
kome inn i lastebilen som skulle frakte oss til gaten.
Lastebilen såg særdeles bra ut i forhold til mykje anna vi har sett her nede,
men vi hadde nok ikkje sett våre bein inn i eit slikt overlesst framkomstmiddel heime i Noreg.
Om bord var sjårføren, vi tre, crewet vårt på 13, Eugine og Katie frå California og crewet deira på 8.
Framfor oss venta fire timar i bil.
Halvvegs stoppa vi for å ete den medbrakte lunsjen vår som bestod av loff, kylling, egg, tomat,
appelsin, vannmelon, banan og sjokoladekake.
Lunsjen inntok vi på ein resturant, tydlegvis utan spiseplikt.

I høgda er det ikkje unormalt å få
mensen, og då må ein ha bind.
Då Cecilie hadde gløymt att binda heime, skulle vi prøve å skaffe dette til veie no.
Andreas spurte guiden vår om det var nokon plass ein kunne få tak i sanitary towels
«Oh, no, no!» kom det kjapt til svar.
Det viste seg seinare at bind var å få kjøpt i nabokiosken til restauranten.
Men det var ikkje berre å ta bind-pakken med i handa og gå må du tru!
Bindpakken vart pakka sirlig inn i avispapir og teipa med fryseteip,
før den til slutt vart putta ned i ein svart, ugjennomsiktig pose. Jammen flaks!
Tenk om nokon hadde fått med seg kva Cecilie hadde kjøpt

Vidare gjekk ferda innom ulike kontor
for å betale både forest-fee og park-fee.
Ca kl. 15 var det stopp.
No var vegen blitt uframkomeleg for lastebilen, og vi måtte ta beina i bruk.

~ På veg til gate`en køyrde vi rundt halve Kilimanjaro. Her er Kibo frå ein litt annan synsvinkel ~ |
~ Og nok ein annan vinkel ~ |
| ||
~ Infoskilt og baggasjevekt ~ |
~ Området rundt Kilimanjaro er særdeles frodig i kontrast til resten av lavlandet ~ |
~ Vegen vert smalare og smalare og snart seier det stopp ~ |
~ No kom ikkje lastebilen seg lengre, og det var på tide og ta beina fatt ~ |
~ Hjartegrein <3 ~ |
~ Det raude regntrekket som etterkvart vart eit velkjent syn ~ |
~ Å vandre gjennom den frodige regnskogen var ei oppleving i seg sjølv ~ |
Turen opp til Lemosho Camp var unnagjort på 3 timar og 3 minutt.
Tempoet var pole-pole og sakte sakte frå første skritt.
Jammen godt ein har med ein erfaren guide som kan styre farten for oss,
for å gå sakte på eiga hand er ikkje enkelt!
Joseph er ein erfaren guide som har lagt bak seg over 100 turar dei siste 14/40/45 åra
(litt usikker grunna mangelfull kommunikasjon).
No går han gjennomsnittleg 10 turar i året. Vi bøyer oss i støvet!
Desmond, styraren av Marangu Hotel beskriv Joseph på følgande måte;
«He doesn’t smile a lot, but he’s a good guide!»
Så langt på turen lover det veldig bra!
Dagens etappe gjekk åtte km gjennom
regnskog, frå ca 2200 m til 2700 m.o.h.
Allereie ei god stund før campen var det eit stort augeblikk for Kvakk og Cecilie
~ dei sette ny høgderekord! Og det med god margin.
Kvakk hadde tidlegare rekord på 2469 m.o.h (Galdhøgpiggen)
og Cecilie på 2083 m.o.h (Lodalskåpa).
Kvakkine har eit stykke igjen til ny rekord som ligg på 4985 (Mt. Kenya).
Vel framme på campen hadde berarene allereie sett opp campen.
Etter at vi hadde fått på oss tørre kle, registrert oss,
samt vaska oss i KVART VÅRT vaskefat med varmt vatn, var vi klar for middag.
Med på turen var det med både mattelt, spisebord, stolar, tannpirkerar,
chili-ketchup og eit assortert utval varme drikkar.
Enkelt og greit luksus!
Menyen i dag bestod av potetsuppe til forrett,
steikte poteter og kylling til hovudrett og bananer til dessert.
No er det straks soveposetid, slik at vi er klar for ein ny dag i morgon.

~ Vel framme i Big Trea Camp var bordet ferdig dekka ~ |
~ Godt nøgde med første etappe ~ |
~ Skal tru kva som skuler seg inne i denne pakken? ~ |
No er det straks soveposetid, slik at vi er klar for ein ny dag i morgon.
K, K & C <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar