Totalt antal sidevisningar

mandag 15. oktober 2012

12. oktober: Safari i Ngorongoro Krateret


Klokka åtte neste morgon var Widlock på plass, og vi var klar for meir Safari. 
Bilturen i dag var heldigvis ikkje like lang som gårsdagens, noko vi var godt nøgde med alle mann. 
Etter ein liten time var vi framme ved den tidlegare omtalte gate'en, 
og kunne levere frå oss kvitteringa for så å motta eit adgangsskjema i 3 eksemplar. 
No kunne safarien byrje. 
Før vi nådde inngangen til sjølve krateret, var det framleis igjen eit lite stykke igjen i bil. 
Ei stund byrja vi å lure på om vi hadde brukt opp absolutt all flaksen vår på Kilimanjaro-turen 
då tåka låg som ein vegg rundt oss, og sikta avgrensa seg til maks eit par meter framom vindusviskarane.


Tåka varte og den rakk, men rett før inngangen til krateret braut sola gjennom, og det klårna opp. 
Jammen flaks – då hadde vi ikkje brukt opp all flaksen vår alikavell då J

I Ngorongorokrateret var det eit yrande dyreliv, og nok ein gong må nesten bileta få tale for seg sjølve J



















~ Det gjelde å ha utstyret i orden ~ 




I 12-tida var det på tide å ete dei medbrakte lunsjboksane våre. 
Vi var komne til eit lite vatn, for øvrig med flodhestar, der det var trygt, og ikkje minst lov til å gå ut av bilen. 
Cecilie var litt skeptisk, men Winlock beroliga henne humrande med at det ikkje var noko fare. 
Etter å ha tatt dei obligatoriske turist-bileta, vore ein tur på do, 
snakka litt meir med Årdølene som også skulle ha lunsj på same stad som oss på same tid, 
fann vi fram lunsjboksane våre, og såg oss ut nokon passande steinar å ete lunsj på. 
Winlock peika advarande opp i lufta på nokre fuglar som sirkla sakte rundt lunsj-plassen. 
«They may take food from your hand!». 
Ja, ja tenkte vi. Å mate duene i parken er jo koseleg, så dette går nok bra. 
Cecilie var framleis skeptisk, og mest gira på å innta lunsjen inne i bilen, 
men Kvakk og Kvakkine fekk til slutt overtalt henne til å bli med på å nyte ein piknik i det fri. 
Lunsj-boksane vart opna, og maten var god. 
Kvakkine  pakka opp ein sirleg innpakka aluminiumsfoliepakke 
og vart godt nøgd då ho såg at inni pakken låg det eit kyllinglår. 
Med eit smil om munnen sette ho tenna i kyllinglåret og tok både ein og to bitar då det 
– SVOSJ – 
kom ein fugl stupande og prøvde å raske til seg godbiten.  
Heldigvis utan hell! 
Fuglen slo i samme slengen til Kvakkine i ansiktet før den var vekke igjen. 
Kvakkine såg litt fortmla på dei to hine før vi ganske so raskt samla saman tinga våre 
og søkte tilflukt trygt inne i bilen. 
Neste gong skal vi høyre på Cecilie med ein gong! 
Winlock humra som vanleg og bytta no ut «They may take food from your hand!» med 
«They are quite aggressive!». 
Takke seg til duer i parken seien no berre vi J 
Resten av lunsjen vart inntatt i trygge omgjevnadar inne i bilen, før vi tok ei siste safari-runde. 
I løpet av bilturen nede i krateret møtte vi og på Eugine og Katie, arti! 
Det stod framleis bra til med dei, og vi fekk fortalt at vi nådde toppen alle tre J

Etter safarien fekk Cecilie og Kvakkine overtalt Winlock til å ta ein tur innom 
ein av dei mange curio-butikkane som ligg tett i tett langs vegane. 
«Åhh, eg håpar vi får gå litt i fred!»
sukka Cecilie då vi sette første foten ut av bilen, men den gang ei. 
Fyttikatta kor utruleg travle seljarar det er på slike plassar!
 «Special price» meg her og «We’ll make a very good price JUST for you!» meg der. 
Etter å ha kika ei stund med øyrene igjen, enda vi opp med eit lite utval suvenirar 
som very-good-price-mannen skulle ha den nette sum av 364 000 skilling for. 
Det er rundt 1400NOK, og så mykje var ikkje Kvakkine og Cecilie 
villege til å gje for masseprodusert juggel, uansett kom bra kvaliteten på målinga var osv. osv. 
Etter eit forsøk på å prute, som hovudsakleg gjekk ut på å sjå oppgitt på kvarandre og føle seg 
ukomfortable, samt det å vere på veg ut døra eit par gongar, fekk vi pruta varene ned i 120 000 skilling.
Reknar med vi framleis vart godt lurt, men vi fekk no i alle fall redusert prisen ganske so bra J 
Takk og lov for faste prisar heime i Noreg, for dinna prutinga ekje noke stas!

Vel tilbake på hotellet vart det nok ein roleg kveld, med ei overraskande god agurk-suppe til middag,
pakking og tidleg til sengs. I morgon er det heimreise.

C, K & K <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar