Totalt antal sidevisningar

mandag 15. oktober 2012

13. oktober: Heimreise


Plutseleg var det to veker lange Tanzania-eventyret over for denne gong, 
og det er på tide å vende nasa heimover. 
Å reise heim frå ferie er alltid litt vemodig og litt godt på same tid. 
Dei to vekene vi har hatt her nede har vore fantastiske på alle måtar, 
og høgdepunkta har kome ramlande som perler på ei snor. 
Av episodar vi kjem til å sjå tilbake på og humre godt av i lang tid framover kunne vi ha nemnt i fleng, 
men på toppen av lista tronar likevell det

Å stå på toppen av Uhuru Peak.
Å kjøpe bind i ein afrikansk kiosk.
Å bli servert te i teltopninga for så å kunne nyte den til utsynet av ein soloppgang.
Å vakne opp sju dagar på rad til strålande sol og ei fantastisk utsikt.
Å bli servert spagetti med kjøttdeig på 4600 m.o.h (Skål for den Beate!)
Å dusje når vi kom nedatt til Marangu Hotel.
Å ta seg ei kald Kilimanjaro-øl når vi kom ned i lavlandet att.
Å bli servert q-tips i eit shotteglas av gentleman-Trond frå Årdal.
Å sosialisere seg med Årdøle.
Å sjå giraffar og flodhestar.
Å prøve seg på pruting.
(noko forøvrig både Kvakkine og Cecilie var like elendige og like lite komfortable med)
Og ikkje minst;

Å sjå engasjementet alle dokke heime har vist rundt turen vår. 
Tusen takk for at de har kika innom bloggen, 
sendt koselege meldingar både på telefonen og på Facebook 
og ikkje minst ønskt oss lykke til og tenkt på oss! 
Tusen takk, det har gleda tre Velom-hjarte i det store utland <3
I skrivande stund har bloggen runda 4112 sidevisningar, 
noko som er god medisin for skrivelysta til Kvakkine, kanskje også i tida framover. 
For det å gå på fjellet skal vi jo halde fram medJ

Kort oppsummert er dette to veker vi aldri kjem til å gløyme, men det skal likevell bli godt å kome heim. 
Cecile gledar seg til å kome heim til Emma. 
To veker utan godjenta kan bli litt i lengste laget for dei fleste. 
Kvakkine gledar seg til å kome tilbake til haust-Noreg, 
der mengda av lite hyggelege myggar som er ute etter blodet henna er betydeleg mindre enn i Tanzania. 


~ Myggstikk ~

10 stikk berre frå midt på leggen og ned på eine foten 
og godt over 40 til saman kan bli litt for mykje av det gode i varmen. 
Kvakk gledar seg til å kome tilbake til si eiga seng, sin eigen dusj MED trykk, 
drikke vatn frå springen og sleppe å ta tablettar kvar einaste morgon. 

Det er nok eit godt poeng i klisjeen «Borte bra men heime best» uansett kor klisjéaktig den er.

~ Vi følte oss trygge bak desse murane ~
~ Blir litt pikkpakk på slik ein tur ~
Reisa heim går først 5 timar med bil frå Mto Wa Mbu til Kilimanjaro International Airport. 
Derifrå går reisa vidare med fly til Doha via Dar Es Salam.
I Doha skal vi overnatte før reisa går vidare med fly til Gardermoen i morgon tidleg. 
På Gardermoen står forhåpentlegvis den gode gamle BMW’en og ventar på oss, 
klar til å frakte oss trygt siste biten heim. 
Etter det er Kilimanjaroeventyret over. 
Då er det godt ein har mange gode minne og fine bilete å sjå tilbake på.

C, K & K <3



1 kommentar:

  1. Flott blogg og flotte bilder- har hatt nokre dager på tur i Afrika eg også :-)
    Life is like a book, and those who do not travel only read one page (St Augustine)
    ABY

    SvarSlett