Totalt antal sidevisningar

mandag 15. oktober 2012

Dag 8 (9. oktober): Mweka Camp - Marangu Hotel

No var det berre sisteetappen igjen,
ein tre timar lang gåtur frå Mweka Camp til gate'en.
Eventyret var snart over.
Vemodig
Rart
Trist
Godt
Merkeleg

Litt alle følelsar på ein gong.

Før avreise fekk vi servert den siste fjellfrukosten laga av dei to fantastiske kokkane våre.
Sidan vi var komne ned i lavlandet att og ikkje trengde det store energipåfyllet lengre, 
feira vi med å ete oss passe mette, 
og ikkje stappmette, 
som vi hadde gjort dei sju dagane i forvegen.
Luksus!
(I natt var forøvrig første natta utan dobesøk på "så lenge vi kan hugse". 
Det er dei små gledene her i verda som gjer livet så fint å leve!)

~ Solkrem må ein ha ~
~ Mweka Camp ~ 
~ "Råsa" ned frå Mweka Camp ~
~ Snart nede - fine i stilen ~




Kokkane på veg heim J

Turen ned til gate'en gjekk gjennom regnskogen.
Eit fantastisk vakkert område!
Stemninga mellom oss var litt merkeleg denne formiddagen.
Vi gjekk litt for oss sjølve og prøvde å forstå at vi hadde klart det vi kom hit for.
Vandra med ein liten klump i halsen
og tok inn alle dei inntrykka vi kunne langs dei siste kilometerane.

Vel nede i gate'en skreiv vi oss inn i den siste registreringsboka 
før vi gjekk ned i landsbyen og kjøpte oss kvar vår Kilimanjaro-øl.
Den var ikkje kald, men vi drakk den med verdens beste samvittigheit, 
klokka 9 ein heilt vanleg tysdagsmorgon,
og den smakte godt!

~ Vel fortjent ~

No gjenstod berre ein siste lastebil-transportetappe tilbake til Marangu.
Turen var unnagjort på ein god time, 
og vel framme på hotellet var det strake vegen rett i dusjen. 
Mykje av siste vekes brunfarge forsvant i sluken, 
men pytt sann, 
dusjen var etterlengta og dusjen var godJ

No var tida inne for å ordne tipsen til crewet vårt.
Eg trur ikkje det finst ord for kor fornøgde vi er med innsatsen dei har gjort for oss siste veka,
og det var godt å kunne gi dei eit lite bevis på det.
Eit lite bevis til kvar enkelt.
Turen vart avslutta med ein liten sermoni i hagen 
der vi fekk spandert noko å drikke på crewet vårt, samt delt ut tips.
Ei fin men merkjeleg stund, då vi var blitt mest vane med å følgje ordrar.
No var vi litt usikker på korleis rollene var fordelte,
og var godt nøgde då Satory tok leiinga og delte ut diplomane til ossJ

Til slutt sang dei ein kilimanjaro-sang til oss som handla om 
fjellet og høgdesjuke-slangen som kjem og bit deg.


Vi var godt nøgde med at den slangen ikkje klarte å bite tak i oss!

No var det tid for burger, blogging og total avslapping...

~ Heile gjengen samla ~
~ Blogging ~
~ Effektiv innbrotssikring ~ 
~ Marangu Hotel ~
~ Ikkje feil med ein burger no nei, sjølv om maten i fjellet var fantastisk ~
~ Turistar ~

C, K & K <3

1 kommentar:

  1. Men jeg forstår ikke helt at det bare er en øl man fortjener. Litt dårlig i regning jeg da. Fantastisk eventyr.

    SvarSlett