I dag fekk vi prøve noko nytt til
frukost: Corn flakes med varm mjølk.
Overraskande godt eigentleg, og
langt frå feil med varm frukost på nok ein frostfull morgon.
Klokka
åtte hadde Joseph fått på seg dagstursekken, den oransje ledarhua
og tatt stavane i handa.
Vi jentene var som vanleg langt frå klar
med pakkinga vår,
og Joseph beroliga oss trippande med pole-pole og
hakuna matata.
Vi konkluderar med at han ikkje er så glad i å ligge
sist i løypa,
og at vil kome tidleg av garde slik at han får ordna
ein fin teltplass til oss i neste camp
(nærast mogleg den finaste
doen).
Så sjølv om vi vert litt stressa, så er han eigentleg
ganske snill.
|
~ Nok ein nydeleg dag klar til disposisjon ~ |
|
~ Morgonens utsyn gjennom teltgluggen ~
|
~ Shira 2 Camp ~
|
~ Dei tidlegare omsnakka doa på Shira 2 Camp ~ |
|
~ Cecile godt nøgd med luksusen ~
|
|
|
I dag har vi fått kjenne både på
høgda og på kulda.
Vi har traska oss gjennom øverste del av the
moorland og gjennom delar av den alpine sona.
Her har vi fått
studert Lobelia, symbolblomsten, i ulike fasongar og variantar.
På
turen gjekk vi innom Lava Tower (4600 m.o.h.)
som var okkupert av
marihuanarøykande poreterar som såg ut til å ha det serdeles løje
i høgda.
Kvakk prøvde å ta bilete av dei, og det kom nokre
voldsome utrop tilbake.
Joseph berre lo og humra «They don’t want
us here!».
Joseph kunne fortelje at det var vanleg at berarane
røykte marihuana,
men det var heller ikkje uvanleg at guidane gjorde
det også.
|
~ Om du har augene med deg finst det hjarte i kvar ein krok ~ |
|
~ Lawa Tower, 4600 m.o.h. ~ |
|
~ Vi nærmar oss toppen og høgda byrjar å melde sin ankomst i hovudet til Kvakkine ~ |
|
~ Toppen ~ |
|
~ Full fest, mykje marihuana og lite gjestmildheit ~ |
|
~ På toppen var det kaldt og Joseph hasta vidare. Det obligatoriske toppbiletet vart difor tatt på veg nedatt ~ |
Litt før Lava Tower byrja fjellskoa til Kvakk å bli mette av dage,
og sende ut ein stille protest i form av å sleppe halve sålen.
Skoa er hittegods frå campingen, og har truleg ytt ei lang og tru tjeneste på minst to ulika par fjellføter.
Ifølge Kvakk er det beste fjellskoa han nokon gong har hatt, så dette var litt vemodigt!
Jammen flaks at Kvakkine hadde med tenso plast i dagstursekken som eit lite plaster på såret.
|
~ Guidane verka ikkje heilt overbevist om at skomakaryrket var det rette for Kvakkine ~ |
|
~ Skoen ferdig teipa og Kvakken kan halde fram med fotograferinga ~ |
Tilbake i campen ankom eit følgje på
16 nordmenn som reiste med det norske selskapet Topp Afrika. Mange av
dei hadde fått merke påkjenninga med både framand mat og høge
høgder, og hadde det ikkje så komfortabelt som oss. I morgon
ventar ein kort etappe på oss, då vi har valt å dele den
opprinnelege femte dagen i to, slik at vi får litt betre tid på å
aklimatisere oss. Eugine og Katie skal derimot gå vidare, og går
mot toppen i morgon natt. Vi kryssar armar og bein for at det går
bra med dei.
|
~ Vårt første møte med den norske Topp Afrika gruppa ~ |
Kvakkine måtte krype til korset og ta
ibux nummer to på turen, då hovudverken kom snikande litt før Lava
Tower. Heldigvis gav det seg raskt når ein kom litt ned i
«lavlandet» att. Kvakk og Cecilie har enno ikkje merka noko til
høgda, noko som lovar særdeles bra for resten av turen. At vi når
toppen er det ikkje nokon tvil om ifølgje guidane våre. «You’ll
make it! 100% sure! And if problem, we deal with it!». Så då er
det vel berre å lite på dei då
|
~ Umbra ~ |
|
~ Barranco Camp ~ |
|
~ Barranco-kjærleik ~ |
|
~ Framleis system i rotet ~ |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar