Totalt antal sidevisningar

tirsdag 9. oktober 2012

Dag 3 (4. oktober): Shira 1 Camp – Shira Cathedral – Shira 2 Camp – Shira Cave Camp – Shira 2 Camp

Før vi fann køya i går fekk vi tida til å nyte
ein aldeles nydleg stjernehimmel med ein raudleg fullmåne på toppen.
Jammen er vi heldige som får moglegheita til å vere med på eit eventyr som dette!
Utallige liter vatn per dag resulterar i utallige dobesøk, også nattestid.
Då vi vakna halv 5 i dag tidleg for eit lite dobesøk,
var det is på teltet og om mogleg ein enno finare stjernehimmel enn tidlegare på natta.
06.30 starta vekkerutina på same måte som i går.
Kvakken var trøtt og ikkje så lett å få liv i, men guiden fekk svar på forsøk nummer ni eller ti.

~ Første natta med frost på teltet ~
~ Shira 1 camp 
Litt før halv ni var vi klare for avmarsj.
 Dagens mål var Shira 2 Camp, 3850 meter over havet,
via Shia Cathedral, ein fjellformasjon som ser ut som ein Katedral.
Shia Kathedral er restane av den eldste fjellformasjonen som tilsaman utgjer Kilimanjaro.
Shira Kathedral er heile 800 000 år gamal.
Shira 2 Camp ligg ikkje så langt frå Shira 1 Camp, men vi gjekk ein omveg for å få litt høgdetrening.
Berarene får heldigvis gå snarvegen, og sparar mykje tid på det.
Turen i dag har vore flott. Vi har vandra over Shira platået i strålande solskinn og svalande vind.
Temperaturen er framleis fin, og tights og tynn ullskjorte fungerar framleis fint som turbekledning.
Sjølve Shira platået er flatt, men området rundt Shir Kathedral tronar litt over områda rundt.
På toppen av katedralen fekk vi prøve å sjå NED på skyene, ikkje tåka altså, og nyte utsikta elles.
Vakkert!

~ Cecilie poserar godt nøgd MED stavar på toppen av Shira Cathedral ~ 
~ Litt begrensa utsikt i eine leia - men ikkje mindre vakkert av den grunn ~ 




~ Frank, Kvakkine, Kvakk, Cecilie og Satory~
~ Utsikt utover Shira Platået ~  







Etter å ha vandra eit stykke til kom vi fram til resque station, 3800 m.o.h.
Hit går det bilveg, og dei har til og med eigen helikopterlandingsplass.
Fasinerande!
Hit ned fraktar dei folk som har det særs lite komfortabelt av ulike grunnar,
slik at dei kan bli frakta ned i lavlandet att.

~ Etter å ha gått i to og ein halv dag kom vi fram til intet anna enn ein bilveg... ~
~ ... og ein helikopterlandingsplass ~
~ Er ikkje noko problem å bli dårleg i desse omgjevnadane - hjelpemiddela er på plass ~ 
~ I Cecilie sine auge: Ei dodør. I Kvakkine sine auge: grønt og vakkert ~
~ Bananene i Afrikalandet var ofte modne, godt modne, noko Cecilie syns er motbydleg.
Kvakkine er forøvrig heller ikkje så glad i overmodne bananer, men når Cecilie forferda utbryt
"DU ETE IKKJE DEN DER!"
er det ikkje så godt å la vere ~

~ Mette og gode, nok ein gong, og klar for ein ny etappe ~ 
~ Vi var ikkje heilt åleine om å ville nå toppen av Afrika... ~
~The moorland ~

Etter fem timar var vi framme på Shira 2 Camp,
ein betydleg meir befolka camp enn Shira 1 Camp, sidan også dei som går Shira-ruta campar her.
Etter at vi hadde fått bytt om og installert oss i teltet, var det «Tea-time».

~ Shira 2 Camp ~
~ Til tea time i dag fekk vi servert ein ny variant: peanøtt-tallerken med muffins, nok ein gong; godt ~ 

Etter det spurde Satory om vi ville vere med og gå ein liten tur.
Sjølv om ein skulle tru gåing var noko vi hadde fått nok av om dagen, heiv vi oss velvillege med.
Vi skulle besøkje Shira Cave Camp og holene der.
Tidlegare brukte guidane og berarane å sove i holer framfor telt.
Dette er ikkje lov lenger, men det var fasinerande å sjå.
Hola var ikkje stor, men her brukte det å sitje over 60 personar å sove på ein gong.
Med oss på rusleturen var også Eugine og Katie frå California.
Dei går same ruta som oss, og leiger også crew gjennom Marangu Hotel.
Eugine var fasinert over «The norwegian hiking chokolate Kvikk Lunsj»
og ville ha med seg papiret heim.
Formen i dag er overraskande bra, og ingen kjenner nokon plager av noko slag.
Rusleturen gjorde seg då dagen i campen vart litt kortare, og vi ikkje vart så døsige.
Dagane blir lange, då det ikkje er så mykje å ta seg til i campen.
Hadde det blitt ein neste gang, skulle vi hugsa å tatt med kort
No er vi nettopp ferdige med nok ein hærleg 3-retters middag
og har planar om å bruke resten av kvelden på å drikke te,
før vi tek sikte på å finne soveposane i åttetida.
Etappane til no har ikkje vore så harde som vi frykta, men trøtte er vi likevell.
Med den ekstra rusleturen har vi i dag lagt bak oss 14 km, men beina kjennes framleis like fine.
Frisk luft er tydlegvis god sovemedisin

Gleda og fasinasjonen over å sjå doa på Shira 2 Camp var stor.
Då vi gjekk forbi doa på veg mot telta, peika Joseph på eit bygg og sa «Toilets, very nice!»
Ja, ja, tenkte vi. Det er vel begrensa kor nice eit hol-i-bakken toalett 3850 m.o.h. kan vere,
men der tok vi feil!
Doen var flislagt med orientalske flisar, og reinhaldet var over gjennomsnittet bra.
Respektabelt, så langt ute i ødemarka!

Joseph, hovudguiden vår, er som kjent ikkje av den mest snakkesalige typen.
Difor var det ekstra kjekt å få ein tur åleine med Satory.
Han fortalde oss mykje spanande, som mellom anna:
* Kilimanjaro har sin eigen plante, Lobelia, som veks kun på dette fjellet.
* Marangu har 70 faste guidar, som kun jobbar for dei.
* Hotellet har og ei liste med faste berarer.
* Høgsesongen på Kilimanjaro er i januar og februar. Mars-mai er regntid,
og då kan det ligge opptil ein meter snø på Shira 2 Camp.
Det er ikkje guiding i denne perioden.
Då arbeider Satory på kakaofarmen sin, 15 km frå Marangu.
Juni – oktober er det god sesong igjen,
før lavsesong med guiding kun langs nokre få ruter strekker seg over november og desember.
* Det er over 250 selskap som arrangerar turar til Kilimanjaro.

Det er ikkje berre Kvakk som har gjort grundig reasearch før vi reiste på tur.
Eugine kunne fortelje at Marangu Hotel er blant
dei tre beste selskapa som arrangerar turar til Kilimanjaro.
Dei har eit godt rykte og behandlar arbeidarane sine skikkeleg.
Det siste kan vi skrive under på!

~ Shira Cave Camp ~ 
~ Hola der det sat 60 personar å sov på same tid ~ 
~ Snart klart ranger hus på Shira Cave Camp ~
 Og så gjekk resten av kvelden med på å ta bilete av kvarandre oss sjølve og kvarandre igjen 






Å ta eit vellukka hoppebilete er enklare segt enn gjort 









~ Shira Needle sett frå Shira 2 Camp ~
~ Er det rart det tek tid å kome i orden om morgonen? ~
K, K & C<3

1 kommentar:

  1. Dissan bananbildene slite eg med å sjå....brekke meg fortsatt :) Vi kan og slå fast at vi e slettes ikkje flinke å hoppe i takt :) Eg digga at du e so flink å skrive...og at resultatet blir ei minnesrik bok til slutt :) <3 U!! CEC

    SvarSlett