I går kveld hadde Joseph lova oss i ekte afrikastil at han «maybe»
ville vere på plass på hotellet klokka 10 for å ta oss med på ei omvisning i nærområdet.
Ja, ja, tenkte vi då vi kravla til køys.
Vi får no stå opp og sjå om der er nokon og ventar på oss i alle fall..
Klokka 10 var både vi, Winlock og Joseph på plass, og rundturen kunne byrje.
Winlock køyrde oss først til den lokale banken,
slik at vi kunne ta ut pengar, for pengar er alltids kjekt å ha.
Winlock skal vere sjåføren vår dei tre neste dagane,
og skal mellom anna ta oss med på safari og køyre oss til flyplassen på laurdag.
Fredag skal vi på safari i Ngorongoro krateret, og for å sleppe inn dit må vi betale ei avgift.
Men den avgifta kan ikkje betalast på kva som helst slags måte må du tru!
Nei, den må betalast i dollar, ikkje skilling, og den må betalast i ein bank, ikkje i gate'en.
I banken må du først stille deg opp i ein kø for å fylle ut ein innbetalingsslipp,
og så i ein kø til for å utføre sjølve betalinga.
Når betalinga er vel utført får du med deg ei kvittering som du må vise til vakta i gate'en,
slik at du der igjen får eit adgangsskjema i tre eksemplar.
Det kvite eksemplaret må du gi til gate-vakta for å sleppe inn i parken,
det gule eksemplaret må du gi til gate-vakta for å sleppe ut av parken,
og det rosa eksemplaret får du behalde sjølv..
Lenge leve tung-rodde system!
I banken fekk vi også vårt første skikkelege møte med tanzanianske skilling.
100 tanzanianske skilling er det samme som 4 norske kroner,
noko som gjer sitt til at seddelbunkane vert nokså tjukke!
Cecilie troppa opp i minibanken og tok ut 400 000 på ein gong!
Seddelbunken var tjukk og Cecilie følte seg rik,
heilt til barrekninga skulle betalast seinare på kvelden, og nesten heile beløpet rauk med.
Ikkje kvar kveld ein kan skryte på seg å ha drokke øl for fleire 100 000!
Det teke på å sosialisere seg med Årdøle!
(Det skal nemnast at Winlock fekk forhandsbetalt 150 000 schilling,
Joseph fekk 20 000 for guidinga + +,
så det vart ikkje fullt så gale i baren som det kan høyrast ut tilJ )
Etter pengeuttaket tok Joseph oss med på ein rusletur rundt om i heimtraktene sine.
Vi fekk mellom anna sjå ein fin foss og ei
underjordisk hole der lokalbefolkninga brukte å søkje tilflukt når masaaiane trua dei.
Hola var ikkje så ofte besøkt, noko vi fekk erfare då vi kom.
Guiden som skulle vere med oss ned i hola hadde ikkje heilt kontroll på kvar han hadde tinga sine,
og sprang nabolaget rundt for å få tak i hovudlykter.
Då denne jakta var misslykka, kom han tilbake med ein parafinlampe og ein ekstra guide.
Til saman var dei to guidane i stand til å kommunisere men oss på heilt ok engelsk,
og holeguidinga kunne byrje.
Nede i hola fekk vi omvisning og vart fortalt historiene om dei ulike romma.
Spennande å sjå, men vi var godt nøgde med å kome opp i dagslyset att!
Vi er bra heldige som slepp å leve i slike omstende!
Vel oppe igjen var det på tide å skrive seg inn i gjesteboka, men då dukka det opp eit nytt problem;
Kvar var pennen?
Etter ei ny runde i nabolaget var pennen på plass, og vi kunne skrive namna våre inn i gjesteboka.
Etter å ha signert forstod vi litt betre kvifor guiden var så forvirra.
Det var nemleg ei lita veke sidan førre besøk, og då kan ein ikkje forvente at alt skal vere på stellJ
~ Trangt, mørkt og spennande ~ |
~ Fine Joseph ~ |
Vidare gjekk rusleturen innom eit lite bygdesentrum og gjennom ulike små gater i områda i kring.
Overalt var det eit yrande folkeliv og vi fekk studert lokalbefolkning i alle former og variantar.
Det er det som er så spennande med å vere ute i verda
– det å få moglegheita til å sjå korleis folk lever og kva dei styrer med til dagleg.
Etter rusleturen konkluderte vi med at det er alltid like spennande å rusle i framande strok,
men at vi jammen er heldige som bur der vi bur!
Eg trur ein treng slike aha-opplevingar som dette for å sjå kor godt vi eigentleg har det heime.
~ Banane i ulike former og variantar ~ |
| ||
~ Eit koseleg, lite lokalsamfunn ~ |
Etter rusleturen var det tilbake til hotellet og tid for meir Årdal-sosialisering.
Årdølene bestod av ein trivleg gjeng på 23 som var på Marangu i same ærend som oss
– å bestige Kilimanjaro.
Dei kom nedjen same dag som oss, og hadde hatt ein like fin tur som oss.
21 av 23 nådde Gillmans Point og 18 av 23 nådde heilt fram til Uhuru Peak.
Slik ein prestasjon fortjenar ein applaus!
Etter å ha snakka ei stund med dei om både laust og fast,
kom vi fram til at han som heitte Lasse var søskenbarnet til Liv Henny,
som budde heime i Sønda før og som i tillegg er fadderen til Cecilie.
Arti! Verda er ikkje store!
Kvakken, som den fordomsfulle han er kjend for å vere,
syns det var merkeleg at ein måtte heilt til Tanzania for å finne ut at sogninga er kjekke folk.
Skål for kloke og velreflekterte utsagn!
Resten av kvelden gjekk som de sikkert forstår med på å nyte varmen,
kvalitetskontrollere Kilimanjaro-ølet,
slå fast at kvitvin frå Tanzania er udrikkeleg,
samt slarve lenge og vel med kjekke «naboar» frå heimlandet.
Koseleg kveld i koseleg selskap!
Til Isabell! Sjå kva Kvakkine hadde med seg på tur som var berekna på dei 5 dagane vi ikkje var på fjellet. Litt flink? |
~ All respekt til denne mannen som SYKLA på Kilimanjaro! ~ |
~ Kilimanjaro i ulike varianta - begge særdeles gode ~ |
C, K & K <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar