Plutseleg var det to veker lange Tanzania-eventyret over for denne
gong,
og det er på tide å vende nasa heimover.
Å reise heim frå ferie er alltid
litt vemodig og litt godt på same tid.
Dei to vekene vi har hatt her nede har
vore fantastiske på alle måtar,
og høgdepunkta har kome ramlande som perler på
ei snor.
Av episodar vi kjem til å sjå tilbake på og humre godt av i lang tid
framover kunne vi ha nemnt i fleng,
men på toppen av lista tronar likevell det
Å stå på toppen av Uhuru Peak.
Å kjøpe bind i ein afrikansk kiosk.
Å bli servert te i teltopninga for så å kunne nyte den til utsynet
av ein soloppgang.
Å vakne opp sju dagar på rad til strålande sol og ei fantastisk
utsikt.
Å bli servert spagetti med kjøttdeig på 4600 m.o.h (Skål for den
Beate!)
Å dusje når vi kom nedatt til Marangu Hotel.
Å ta seg ei kald Kilimanjaro-øl når vi kom ned i lavlandet att.
Å bli servert q-tips i eit shotteglas av gentleman-Trond frå Årdal.
Å sosialisere seg med Årdøle.
Å sjå giraffar og flodhestar.
Å prøve seg på pruting.
(noko forøvrig både Kvakkine og Cecilie var
like elendige og like lite komfortable med)
Og ikkje minst;
Å sjå engasjementet alle dokke heime har vist rundt turen vår.
Tusen takk for at de har kika innom bloggen,
sendt koselege meldingar både på
telefonen og på Facebook
og ikkje minst ønskt oss lykke til og tenkt på oss!
Tusen
takk, det har gleda tre Velom-hjarte i det store utland <3
I skrivande stund har bloggen runda 4112 sidevisningar,
noko som
er god medisin for skrivelysta til Kvakkine, kanskje også i tida framover.
For
det å gå på fjellet skal vi jo halde fram medJ
Kort oppsummert er dette to veker vi aldri kjem til å gløyme, men
det skal likevell bli godt å kome heim.
Cecile gledar seg til å kome heim til
Emma.
To veker utan godjenta kan bli litt i lengste laget for dei fleste.
Kvakkine
gledar seg til å kome tilbake til haust-Noreg,
der mengda av lite hyggelege
myggar som er ute etter blodet henna er betydeleg mindre enn i Tanzania.
~ Myggstikk ~ |
10
stikk berre frå midt på leggen og ned på eine foten
og godt over 40 til saman kan
bli litt for mykje av det gode i varmen.
Kvakk gledar seg til å kome tilbake
til si eiga seng, sin eigen dusj MED trykk,
drikke vatn frå springen og sleppe
å ta tablettar kvar einaste morgon.
Det er nok eit godt poeng i klisjeen «Borte
bra men heime best» uansett kor klisjéaktig den er.
Reisa heim går først 5 timar med bil frå Mto Wa Mbu til Kilimanjaro
International Airport.
Derifrå går reisa vidare med fly til Doha via Dar Es
Salam.
I Doha skal vi overnatte før reisa går vidare med fly til Gardermoen i
morgon tidleg.
På Gardermoen står forhåpentlegvis den gode gamle BMW’en og
ventar på oss,
klar til å frakte oss trygt siste biten heim.
Etter det er
Kilimanjaroeventyret over.
Då er det godt ein har mange gode minne og fine
bilete å sjå tilbake på.
C, K & K <3