Det er etterkvart blitt ein tradisjon at Svein Erik og Elise stikk innom Velom med bubilen i løpet av sommaren.
Feriebesøk er stor stas, og dette besøket er utan tvil eit av sommaren sine høgdepunkt!
Det er også snart blitt ein tradisjon at feriefararane må takast med opp i høgda for å kunne nyte
Oldedalen ovanifrå, og denne sommaren gjekk turen til Klovane.
Klovane ligg i Sunde, og er ein topp på 982 m.o.h..
Det er ein fin tur, men jamn stiging utan flate parti å hente seg inn på, samt litt klatring på toppen gjer at
Høgenibba framleis tronar over Klovane som favoritten i Sønda.
Turdagen vakna vi tidleg og såg Kloven ligge tett innpakka i skodde, så då var det berre å ta tida til hjelp.
Heldigvis var det hytter og sanitæranlegg som måtte vaskast på campingen før ein kunne legge i veg,
så slapp ein i det minste å kjede seg medan ein venta.
Vaskinga tok si tid, og når mopp og vaskebøtte kunne setjast på plass,
hadde også sola gjort jobben sin og fjerna skodda i fjellheimen.
Med niste og sjokolade i sekken traska vi avgarde.
Kvakk hadde med sprayboks og samekniven hass besten, so råsa vart både godt rydda og tydeleg merka.
Vel halvegs var skyene leide av å halde på regnet, og slusene åpna seg.
Klissklass vart vi, men desto større vart motivasjonen for å nå toppen -
heldigvis var temperaturen på vårt lag denne dagen.
Anne var godt innpakka i den nye goretexdressen og heldt seg tørr heilt til vi kom heim - framleis stor stas!
Svein Erik derimot var litt usikker på om han var våt innanfrå eller utanfrå,
men kom til slutt fram til at han var våt tvers igjennom;)
Då er det godt ein kan varme seg på tanken av ein varm dusj,
moussaka og noko godt i glaset når ein kjem heim:)
Ruta plotta inn på kartet... |
Fin utsikt! |
Vel framme på toppen vart veiret overraskande bra, og vi fekk nyte utsikta utan verken regn eller vind:)
Heimturen derimot snakkar vi ikkje så mykje om...
Tusen takk for kjekt besøk og kosleg turselskap!
Håpar de ikkje har tatt skrekken og at de er klar for ny tur neste år:)
K&K<3
2125
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar