Planen for denne dagen var å gå på Yrisætra for å overnatte,
men då selet var opptatt måtte vi ty til andre løysingar.
Slik gjekk det til at vi hamna på Høgalmetua.
Dette er ein flott tur der du startar med å gå opp på Høgalmesætra (380 m.o.h.)
før ein går vidare opp og sørover mot Tua (680 m.o.h).
Eit stykke over Høgalmesætra kjem ein opp i eit flatare lyngterreng med ei fantastisk utsikt,
så om du ikkje har vore der må du gjerne ta deg en tur:)
Sindre var med som kjentmann og viste oss både råsa,
hjortar og stadar det hjortane driv med usømlege ting.
Takk for ein flotte tur!
Luksus å kunne avslutte ein heilt vanleg tysdagskveld på denne måten!
K&K <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar