Grunna tett program ser det desverre mørkt ut for heljas langtur,
noko som er trasi, men kanskje like greit for knea til Kvakkine.
Turen på Gjerdaaksla førre søndag var verkeleg bratt, noko knea veit å minne ein på ;)
Men ei heil helg utan tur går ikkje,
så difor vart den mykje omtala turen Innvik - Olden via Honn gjennomført fredags ettemiddag.
Nok ein gong i godt selskap.
I opptur Sogn og Fjordane var turen oppgitt til 7 km og 3 timar.
Vi starta difor med godt mot frå Ica i Olden litt etter arbeidstid.
Vi tok bilen til Innvik og følgde skogsvegen opp mot Remestøylen.
Derfrå gjekk turen til fots.
Remestøylen ligg på ca 500 m.o.h og Honn på 899 m.o.h,
så turen er meir ein vandretur enn ein klatretur.
Fint for fredagsslitne fota.
Kartutsnitt over dagens vandring. |
Turen starta fint i solskin og med ei nydeleg utsikt frå første skritt,
einaste minuset var eit særdeles vått og gjørmete terreng.
Heldigvis var vi godt skodde alle mann, så store hindringa vart det ikkje.
Tenk å vasse her ein sumardag... |
~ Hjartebjørk ~ Foto: Linda Gytri |
~ Med Remestøylen og sola i ryggen ~ Foto: Linda Gytri |
Like fasinerande kvar gong kor annleis alt e om ein berre kjem seg litt opp. |
Vegen mot Ceciliekruna. To i følgjet var godt nøgde med at det ikkje var målet for turen - i dag. |
Kvakkine hadde lagt att stavane heime, men gentlemannen Kvakk ordna opp <3 Foto: Linda Gytri |
Suss? |
Å vere priviligert .... det er melom anna å få lov til å bruke ettermiddagane i slike omgjevnadar. |
~ Honnvassromantikk ~ |
Då vi kom fram til Honnvasshytta gjekk det opp for Cecilie at ho faktisk aldri hadde vore på toppen av Honn før,
hytta derimot hadde ho vitja så mang ein gong.
~ På toppen av sjølvaste Honn ~ |
Ned frå toppen guida Cecilie oss gjennom ei alternativ rute ;)
Ideèn var å ta ein snarveg, men det gjekk vel ikkje heilt slik som det var tenkt.
Ting ser litt like ut opp i høgda, og sjølv den beste kan ta feil :)
Men positive og optimistiske som vi er likar vi å kalle slike ekstra skritt for bonustrim framfor omveg :)
~ Loen ~ |
~ Olden ~ |
Om turen opp til Honn var våt og gjørmete, så var turen ned frå Honn dobbelvåt og dobbelgjørmete.
Mørket kom snikande og tempoet gjekk nedover.
Det er nemleg ikkje så enkelt å gå nedoverbakkar når ein ikkje ser!
Men trygt fram kom vi alle mann,
og gleda over å møte på ein traktorveg har sjeldan vore så stor som på Skarsteinsætra:)
Vel framme på Skarstein hadde vi lagt bak oss heile 11 kilometer, og ei fin oppleving.
Vi var alle einige om at vi tek gjerne turen igjen, men då gjerne med litt mindre væte og litt meir dagslys :)
Så mørkt vart det før vi nærma oss nesten framme! |
Takk for turen Linda og Cecilie!
K&K <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar