Totalt antal sidevisningar

lørdag 11. august 2012

Tur over Oldeskaret 11. august

Å vere priviligert, det er når ein vaknar til skyfri himmel, 
tidleg ein laurdags morgon og veit; 
i dag, i dag skal eg vere på fjellet!

Dagens mål var Oldeskaret, ein tur vi hadde høyrt mykje fint om, 
men som berre Kvakk og Trude Mari hadde gått før. 
Turen startar på Melkevoll Bretun i Oldedalen og derfrå strekkjer stien seg 9 km til Haugastøylen i Stardalen.
Skal ein køyre same strekka, lyt ein sitje bak rattet i drøye 80 km!
I Oldedalen startar ein på 140 m.o.h, deretter stig ein bra raskt opp til 1100 m.o.h som er det høgste punktet i skaret. 
Så ventar ei fantastisk nedstiging mot Haugastøylen som ligg på 640 m.o.h.

Planlegginga av turen byrja for nokre dagar tilbake 
som vage antydingar Cecilie, Anne og Kvakk imellom.
Når Oldeskars-dagen omsider var her troppa derimot 9 flotte og turklare sjeler opp på tunet i Velom:
Kvakk & Kvakkine
Cecilie
Johnny
Øistein
Trude Mari
Linda & Elias
&
Rolf Olav

"Til alle tider har vegen over Oldeskaret vore eit bindeledd mellom Stardalen og Oldedalen. 
Mange "friarføter" har vandra begge vegar, 
og om det har vore flest lette eller tunge turar tilbake seier ikkje soga noko om..." 
(Henta frå boka "Opptur Sogn og Fjordane", skrive av Anne Rudsengen og Finn Loftesnes)

Dei fleste av oss var godt einige om at vi var glade VI ikkje var på friarferd, 
sveitte og godluktande som vi etterkvart vart. 
Dessutan såg ikkje vi nokre potensielle friarar heller ;) 

Dagens rute: Oldedalen - Stardalen via Oldeskaret.
(med ein liten inspeksjonsavstikkar til Jarbu på oppdrag frå Sindre)
Vollfossen i måneskin ein somardag.
Oppstiginga til Oldeskaret skimtar du til venstre i bildet.
Oldedalen <3
Mykleinane <3
Til Sindre <3
Du din flinkis!
Vi spara Blåfjell-toppen til deg - neste gang håpa vi å få nyte ditt gode selskap!
K&K

Kvakk: Sjå opp hit då!
Anne og Cecilie: Heeeeiiiii!!!
Fotografen med stor F.
Den grøne hule...
Øistein: Eg trur vi skal rundt slik.
Kvakk: Naaai, skeptisk.
Best å studere litt meir kart tenkje eg,
eller kanskje best å berre følgje stien...
Oldeskarsromantikk <3

Sydenstrand uten sydenbadetemperatur...
Vi vandrar nok ein gong med freidig mot.
Denna gangen i lang, lang rekke - stas!
Nok ei fantastisk perle...
Fine Storevatnet - med mykje fisk.


Alle gode ting er 3:
1) T = fin sti og fin tur
2) Toppris ~ bestaste tursjokoladen (i alle fall på linje med kvikk lunsj)
3) Verdens finaste matboks fylt med mamma-Lillian sin fantastiske heimebakst med spekeskink.
Alle: Sjå - der er ein mann! Og ein liten hund!
Kvakk: Vent litt, eg skal finne ut kven det er!
Konklusjon: Det var i alle fall ikkje Rune på butikken - det var feil sort hund...

Utsiktsidyll...
Fornøgde sprekingar...
Vi var så høgt oppe at blåbæra ikkje var modne ein gong!
Slikt må dokumenterast...
Nedstiginga til Stardalen...
Marsjstøvlar og hjartestein
Fin utsikt under nedstiginga til Stardalen...



Poseringsøving til skiltet på Uhuru Peak...

Ein særs nøgd gjeng vel framme på Haugastøylen...
Anne: Vent, Kvakk, eg må ha kamera!
Cecilie: Ka, såg du en hjertestein igjen no?!?
Anne: Ja!
Cecilie: Ja, du får legge deg ned lame na...
Anne: OK :)

Tre kjekke karar godt nøgde med dagens tur...
I  boka "Opptur Sogn og Fjordane" er turen skildra frå Haugastøylen til Oldedalen. 
Dagens turfølgje kan derimot stå samla bak utsagnet 
"Vi meinar det er lurare å gå hin vejen!". 
Om du startar i Oldedalen får du ei bratt oppstiging på byrjinga av turen når du er full i futt, 
framfor ei bratt nedstiging på slutten av turen når du er tome for futt (og låke i knena). 
Dessutan får du ei mykje finare utsikt gjennom skaret når du går denne vegen, 
samt ein fin biltur til å sove middag på når du endeleg kjem i mål :)

Tusen takk til Vilh for skyss heim!
Og tusen takk til turfølget for turen!
Ilag utgjorde de en super gjeng som vi gjerne vil på tur med fleire gongar!

(I sekken neste gang: myggspray og eurax...)

K&K <3

2909

1 kommentar:

  1. Så utrolig fine bilder dere tar Anne! :) Så ut som en fantastisk fin tur, i nydelig vær! Gleder meg til å følge med :)

    Tina :)

    SvarSlett