Totalt antal sidevisningar

onsdag 15. august 2012

Barnedåp og kompanseringstur på Murifjellet (?) 12. august

Søndag var det barnedåp til verdens finaste Siril i Honndalen. 
Kjekk dag med fin familie og mykje god mat - for å ikkje snakke om kake! 
Oreo, verdens beste, ostekake, brownies, lefse... 
Eg trenge vel ikkje seie so mykje meir...
Ut på ettemiddagen vende vi nasa heimover, og etter å ha brukt bilturen på å speide opp i fjella, 
var vi snare med å byte ut bunad og dress med treningskle og fjellsko. 
Kvakken hadde høyrt snakk om at det gikk an å gå på Murisætra via Melheimsfossen, 
og vi bestemte oss for å prøve.

Turen opp til Melheimsfossen gjekk raskt og fint. 
Denne gangen visste vi jo til og med kvar råsa starta!
Kakeinntaket tidlegare på dagen resulterte i at det var mykje energi som skulle ut, 
så det var ikkje noko å utsette på tempoet denne dagen.

Kartutsnitt av dagens tur.
Mini-Melheimsfossen som ligg litt bak den større Melheimsfossen.
~ Murisætra ~
På sjølve sætrevollen var det ikkje så mykje utsikt å skryte av, 
så vi bestemte oss for å ta turen opp til toppen som ligg like bak sætra. 
Namnet på denne toppen er vi litt usikre på, men vel å kalle den Murifjellet 
sidan namnet "Murinibba" allereie er oppbrukt på toppen bak toppen ;)
Vår topp låg på 757 m.o.h. og turen frå grustaket strekte seg over 2 , 4 km. 
Fin kveldstur med andre ord ;)

~ heime ~
Det er ikkje mykje som er finare enn å nyte solnedgangen frå en fjelltopp..
~ Nordfjord ~
~ idyll ~
Kvakk & Kvakkine godt nøgde med dagens trimmtur.
~ bjørkeskog og kveldssol ~
~ Søndstoppane i kveldssol ~

K&K <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar