No som flybillettane er bestilt, datoen satt og
pengar sakte men sikkert vert overført til sparekonto,
har vi innsett draumen vår endeleg vert noko av.
Det er knappe 2 månadar til vi sit på flyet mot Tanzania,
og i løpet av dei to månadane har vi planar om å
forhåpentlegvis tilbringe ein del timar i fjellheimen.
Første skikkelege oppladningstur dinna sommaren gjekk til Høgenibba heime i Sønda (1016 m.o.h).
Veiret var som det stort sett har vore denne sommaren,
vått, grått og passe kjølig.. Men kva gjer vel det?
Det fins ikkje dårleg vêr - berre dårlige klêr
meina eg å huske å ha høyrt en gang, å det stemme i allefall i denna familien!
Optimistiske og med godt mot la Kvakk, Kvakkine, Cecilie og Ole avgarde.
Trass i dårleg veir hadde vi ein flotte tur!
På turen fekk Anne si første erfaring med goretex kle,
ein vene dress villeg vekklånt av fine Cecilie.
Og for ein oppdagelse dette var!
Tenk at det går and å gå på tur i øsepøseregn utan å bli verken våt eller klam!
For ein fantastisk fin ting:)
Ein ting er at godt verktøy er halve jobben,
men eg trur eg dristar meg til å seie at godt utstyr er, om ikkje halve, so i allefall 1/3 av turen:)
Gleda var stor då det nokre få dagar seinare låg ein splitter ny goretexdress innpakka i bursdagspapir:) Tusen takk!
![]() |
Ruta innplotta på kartet - opptrakka av sjølvaste Kvakk med gps'en...
|
![]() |
Cecilie "ikkje høgderedd" Sunde.
(Foto: Ole Eltvik)
|
![]() |
Kjærestepar i regnveir:) Campingen og Velom i bakgrunnen. (Foto: Ole Eltvik)
|
![]() |
Høgenibba sett frå campingen ein solskinnsdag...
|
Tusen takk for turen!
Vi gledar oss allereie til neste:)
K&K<3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar