Totalt antal sidevisningar

16531

lørdag 18. august 2012

Ein alternativ tur til Myklebustsætra 16. august

Som dei lokalkjende fjellgeitene vi byrjar å bli, fann vi ut at det var på tide å søke litt større utfordringar.
Vi bestemte oss difor for å følgje geiteråsa opp mot Myklebustsætra.

Ei alternativ forklaring er at vi starta på det vi trudde var råsa, 
for snart å oppdage at det umogleg kunne vere rett. 
Men då var det ingen vits å snu, så vi heldt fram med å klatre retning rett oppover.

"Om du skal gå geiteråsa er det ein fordel å ha firfotstrekk"
                                                                                                                 - Kvakk

Dagens forsøk på å finne råsa til Myklebustsætra.
Fotografen var med.

Ferda gjekk over svaberg, gjennom einekaver, opp gjennom hamrar, under neddottne tre,
mellom nokre hamrar til, samt over eit ukjent antal rotvelt. 
Det er ofte ein grunn til att råsa går sikksakk framfor rett opp fjellsidene.
~ bratt ~

Gps'en var med, men klarte ikkje å hjelpe oss på rett kjøl. 
Etter ein liten times klatring kom likevel Kvakk med den kjekke beskjeden: 
"Eg ser selet!"
Vi greide det, vi kom oss opp!

Om vi ikkje fann råsa so fann vi i allefall sætra :)
Fin utsikt nedover Oldedalen. 
~ fin stol ~
~ gamalt og nytt ~

Dei som ikkje har gått tur med oss, har kanskje ikkje fått med seg at Kvakkine er ein ihuga gåstav-entusiast. 
Men dei iherdige forsøka på å overbevise ikkje-stav-brukande-turkameratar fører skjeldan nokon veg.
Linda føretrekk trea langs vegen,
og Cecilie ser verkeleg ikkje vitsen.
Sistnevnte påstår til og med at stavane berre er i vegen,
sett slikt.
Men veit du kva Cecilie? 
Den sit langt inne, men i dag skal eg innrømme det:
I dag såg verkeleg ikkje eg vitsen heller.. 
Stavar og brattare enn brattast terreng kjem ikkje spesielt godt overens...

Kor imponert Stig Daniel er av navigasjonskunnskapane våre etter dagens tur kan nok diskuterast, 
men trass i ei alternativ rute kom vi oss velberga både opp og ned.
Dessutan fekk vi nok ei lita dose bonus-trim med på kjøpet.

Vel nede møtte han Skule-Rune oss med følgjande kommentar:
"Eg skjøna vi har ei dårleg rås, eg såg de gjekk feil"
Det er det fine med å gå på tur i Oldedalen - du er aldri åleine :)

K&K <3




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar