No trenge vi ikkje lenger skjemmast ved at vi e Oldedøle/Søndarar som ikkje ha vore på Flatsteinbu,
for no er den tida historie:) Og for ein tur!
Eit bilde kan ofte seie meir enn tusen ord, men ikkje i akkurat dette tilfellet.
Makan til usikt har vi ikkje vore i nærheita av før. Vi er mållause, enkelt og greitt:)
For å kome til Flatsteinbu må ein først gå opp på Kvamssætra innanfor (570 m.o.h.).
Dette er ein bratt etappe, men god sti gjer at oppstiginga gjekk fint.
Frå Kvamssætra går ein bakover ein særs fin dal med særs mykje fint å sjå på.
Siste etappe byr på litt meir klatring før ein når toppen på ca. 1250 m.o.h.
Der ventar paradis på jord:)
Hadde det ikkje vore for at campingen venta i lavlandet hadde vi nok vore der enda.
Ser med glede fram til den dagen vi kan gå oppatt, forhåpentlegvis i sol, og berre vere der.
Cecilie var med som kjentdame og leia oss opp med stødig hand.
Også denne gangen gleda regnet oss med sitt nærvær, slik at vi slapp å bli for heite:)
På toppen letta det heldigvis opp, slik at vi fekk moglegheit til å nyte utsikta:)
Opp fjellet, ei lita utsiktsrunde og neattatte same vegen - en ubeskriveleg flott tur, sjølv i regnveir:) |
På toppen:D
|
Framleis særs glade for å vere på toppen:)
|
Høgfjellskjærleik <3
|
Nyte utsikta - ikkje so veldig skeptisk... |
Litt meir skeptisk... |
Brenndalsbreen midt i ei kalving - ganske mektig frå ein slike synsvinkel! |
Kan ikkje klage på utsikta i alle fall! |
Flott natur har vi i alle fall! |
3 særs våte og særs nøgde kattar nede i lavlandet att... K&K <3 |
3274
sweet :) skikkeleg flinkisar altså :)
SvarSlett