Sommaren bjønde å nærme seg slutten og kveldane blir kortare og kortare.
Men ikkje heldigvis ikkje for korte for ein kveldstur!
Etter å ha stengt av campingen for kvelden var Kvakkine klar
for å lufte vetet trass i at det ikkje var så mykje dagslys igjen.
Kvakken var mindre lysten, men heldigvis ikkje vanskeleg å be.
For å rekke ein tur før det vart heilt svart ute, var det berre å hive seg rundt og kome seg avgarde.
Mamma-Lillian & co har gjort ein heltemodig innsats med å halde
ugras og anna gras vekke frå både rås og sætrevoll på Yrisætra i sommar.
Eller som bestefaren ville ha sagt det:
"Her har du jo laga te reine autostradaen!"
Det har ikkje blitt mange Yrisætretura på oss siste tida,
og etter at mamma-Lillian har ytra fleire tydlege og mindre tydlege hint
om at ho er både såra og vonbroten over at vi ikkje har vore å sett resultatet,
var val av turmål for kvelden relativt enkelt.
Vi bestemte oss for å ta ein rask kveldstur til Yrisætra - utan tvil finaste plassen på jord <3
I forkavelsen klarte vi å legge igjen gps'en heime,
så vi må "desverre" ta oss ein tur til for å få plotte ruta inn på kartet.
For å ikkje mørkne ute, vart det ein full-fart tur dinna kvelden.
Godt å få gå på litt innimellom slik at ein vert skikkeleg sletne!
Manko på tid gjorde at det ikkje vart mange bilda, så det får vi ha til gode.
Ein liten smakebit frå skumringa fekk vi likevell til;
K&K <3
Jammen var ditta på tide,so bra at dokke endeleg tok turen til Yrisetra, før råsa gror igjen:)
SvarSlettMora