Totalt antal sidevisningar

onsdag 8. august 2012

Familietur til Årheimsfjellet 5. august

Det er ikkje kvar dag ein får raska saman store delar av Velomfamilien for å gå på fjellet, 
men slik gjekk det altså til denne dagen.
Ut på ettermiddagen la vi avgarde, til saman 9 store og små med fjellsko på. 
Turen starta på Oppheim og første etappe var stien opp til Rakssætra. 
På vegen opp til sætra gjekk vi forbi godteristeinen, og her måtte det sjølvsagt leggast inn ei pause:)
Vel framme på Rakssætra tok vi oss ein pust i bakken før vi traska vidare mot toppen. 
Årheimsfjellet er fjellet mellom Oppheim/Rake og Stryn. 
Toppen ligg på 1007 m.o.h og kan nåast frå begge sider.

Kart over dagens spasertur.

Sakte men sikkert ber det oppover. 
Målet ligg ein stad langt framme, 1007 m.o.h.
Du bygd i inste folden, av Nordfjord fagre fjord. 
Du fjellomkransa Olden, vår heimstad her på jord.
Loen med Skåla til venstre.

Ser du huset mitt, tante?

Niste på sætrevollen <3

Var ikkje berre Velomfamilien som synst det var godt å lufte seg på slik ein vene dag...

Loen sett frå eit litt høgare punkt.

Emma på toppen - flinke jenta!

Stryn sett frå toppen av Årheimsfjellet.
Hornindalsvatnet i bakgrunnen. Ser vi sjøormen skal tru?

Nomek

Dalen mot Oppstryn

Molte var der og!

Det obligatoriske kjærleiksbiletet på toppen <3 
Om du ser godt etter ser du Stryn i bakgrunnen ;)

Vakkert!

Det viste seg å bli ein lang tur for små barneføter, men opp kom vi alle mann. 
Fleire opplettbyger hadde vi og :) 

Vått veir over lengre tid har ført til at stien var særdeles gjørmete.
På veg nedatt var Cecilie uheldig å trakke seg ned i gjørme til knes 
- til stor forskrekkelse for frøken Tiril.
Ho var sikker på at tanta både skulle dø og omkome!
Frykta for dette resulterte i at lisjefrøkena ikkje var så enkel å få over dei resterane 
gjørmete partia på vegen nedatt, noko som viste seg å bli ei utfordring i seg sjølv :) 

Ut på kveldinga var alle trygt nede i bilane att.
Nokon hadde gått langt, andre ikkje fullt så langt, 
men då er det godt ein har sterke skuldrar å kunne kvile på...

Takk for turen!
K&K <3

1929

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar