Det fine med å vere to når ein skal på tur er at det er litt vansklegare å berre
bli sitjande i sofaen sjølv om mosjonslysta ikkje trengjer seg på.
I forrigårs vart Cecilie 30 - hurra nok ein gong!
Vi sat på verandaen innafor nyehuset og hadde restefest med kake og kaffi.
Regnet bøtta ned og skodda låg tjukk kring fjelltoppane,
men guten var lysten på tur og fekk til slutt lokka med seg jenta og...
Dagens mål vart Melheimsfossen(som vi trudde heitte Brynestadfossen) i Olden.
Ein tur ingen av oss hadde gått før, og som ingen av oss var heilt sikker på kor gjekk.
Vi køyrde til Brynestad, noko vi var einige om at måtte vere eit godt utgangspunkt,
sidan det var BRYNESTADfossen vi skulle besøke.
(Viser seg i ettertid at den heiter MELHEIMSFOSSEN i følge WWD)
(Viser seg i ettertid at den heiter MELHEIMSFOSSEN i følge WWD)
Vi køyrde litt rundt for å sjå om vi kunne finne noko som kunne minne om byrjinga på ei rås,
og enda til slutt opp i grustaket.
Der starta vi på ein igjengrodd skogsveg, over ei elv og tilnærma loddrett opp eit neddotte granfelt.
Der fann vi råsa! Og plutseleg vart resten ein fin tur!
Drøye 30 minutt oppe i fjellsida kom vi opp til fossen.
Fin foss, fin utsikt, fin tur!
På tur nedatt følgde vi råsa til endes slik at vi til neste gang veit kvar vi skal starte:)
Og veit dokke kva? Iløpet av heile turen kjende vi ikkje ein einaste regndrope!
Sommarens første tørre fjelltur:)
Veggen møtte vi derimot når vi kom oppatt i Aksnesa - godt valg av turmål med andre ord:)
Heite og nøgde med dagens trimtur :) |
Fin foss! |
Melheimsfossen sett frå grustaket. |
K&K <3
416
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar