Totalt antal sidevisningar

fredag 3. august 2012

Den spede start...

Det heile starta i Voldalandet våren 2009. 
Eit stort utval voldatupper vurderte sterkt å ta halvårseining i skuleretta samfunnsfag, 
for der fekk ein nemleg tilbod om å vere med på studietur til 
sjølvaste Afrikalandet - nærmare bestemt Kenya. 
Diskusjonane var mange og lange. Vi diskuterte fram og tilbake og for og imot, 
før vi omsider bestemte oss for å hive oss med - for; kva hadde vi å tape? Ingenting.

Slik gjekk det altså til at eg, i godt selskap med Isabell, Alice, Beate, Jannike, Ingrid, Anita 
og mange fleire kjekke SRS-studentar, brukte ein del av studieåret 2009/2010 
på å studere skuleretta samfunnsfag, samt  lære Kenya litt betre å kjenne på nært hald. 
Opphaldet i Kenya var spennande, lærerikt, tankjevekkande - rett og slett fantastisk og uforgløymeleg. 
Om du vil lese meir om det kan du ta ein kik innom bloggen vi skreiv medan vi var der. 
Linken til bloggen finn du her.

Men til saka; medan eg var i Kenya sat det ein gut heime i Velom som gjerne villa vore der eg var. 
Og i Kenya var det ei jente som skulle ønske at ho kunne dele opplevingane sine med ein gut heime i Noreg.
Ei av opplevingane vi gjerne skulle delt var turen til Mt. Kenya 4895 m.o.h - Afrika sitt nest høgaste fjell. 
Og slik gikk det altså til at vi to bestemte oss for å ta ein liknande tur ilag.  
29. september 2012 set vi difor nasa mot Tanzania og Kilimanjaro. 
På denne bloggen kan du etterkvart lese litt om tida og førebuingane i forkant, 
ta del i opplevingane våre undervegs, samt høyre litt om tankane våre i etterkant. 
Bloggen er mest for vår eigen del, sidan vi er så ubeskriveleg dårlege til å lage fotoalbum, 
men kjekt om du og kan få glede av å kike innom:)

Eit lite utval bilete frå Mt. Kenyaturen vår:

Ein spent gjeng, klar til å bestige Mt. Kenya.
Vi vandrar med freidig mot...
Litt av utsikta på turen...
Ein sliten gjeng, særs nøgde med seg sjølve på toppen av Mt. Kenya.
Det fantastiske teamet som gjorde fjellturen vår mogleg...

So får vi sjå korleis det utviklar seg...
Klem frå K&K<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar