Totalt antal sidevisningar

onsdag 29. august 2012

Ein månad til avreise - feiring på Innaforsætra på Yri 29. august

I dag er det nøyaktig ein månad til 
vi sit på Gardarmoen og ventar på flyet til Tanzania!
 * skrekkblanda fryd *
Sommarfuglane i magen vaknar litt meir til live for kvar dag, 
og vi innser sakte men sikkert at ein draum er i ferd med å gå i oppfyllelse.

Ein månad til avreise kan sopålag kallast eit jubileum, 
eller i alle fall ein dag det er verdt å feire.
Sidan vi ikkje har besøkt innaforsætra på Yri på ei stund, 
fann vi ut at nettopp den turen måtte vere ei fin måte å markere dagen på.


Råsa opp til innanforsætra på Yri startar i Sima, 
der oldemora til Kvakkine heldt hus i tidlegare tider.
Sjølve sætra ligg på ca. 410 m.o.h. og råsa opp er akkurat passe bratt og akkurat 
passe lang for ein oppkvikkande ettemiddagstur.
(Noko vi trengde etter ein betre middag beståande hovudsakleg av nypotete frå Mykleinane)

Oppe på sætrevollen vart vi sitjande å lese i hytteboka.
I 2004 var det ei dame frå Markane som besøkte sætra ein sommardag.
Innaforsætra på Yri var hennar sætr nummer 60 i Stryn kommune den sommaren!
Vi har noko å strekje oss etter!

Elles vil vi gi ein klapp på skuldra til Rune, Ingeborg og Kristen Magne 
- de e i klasse med han Jakob Aaberg!
Kjekt å gå på fjellet når både sti, sætrevoll og sel er i så god stand.
De er flinke!

~ Kvifor gjere det vanskeleg når ein kan gjere det enkelt? ~
~ Ein av dei finare sætrevollane, til og med med inngjerda hage ~
~ Fin utsikt heimattatte og ut på uttaforsætra ~
~ Simaselet ~
~ Innlagt vatn med steinlagt sti - ikkje verst ~
~ Oldedalen ~
~ Yri ~
~ Snart nede og klar for songøving ~
K&K <3
446

tirsdag 28. august 2012

Råsryddingstur mot Kvitefjellet 26. august

I dag va endeleg dagen då godaste Tony skulle feire jebus!
Hipp, hipp, hurra for godguten so e blitt heile 5 år!
Slakk søndag på sofaen i påvente av Rikke sine alltid like gode kake og muffins gjekk for ei stund,
men så tok turlysta overhand nok ein gong.
Det var ikkje lenge til selskap,
men vi fann ut at en tur på Kvitefjellet ville vi få tida te.

Råsa til Kvitefjellet startar i Velom og går på skrå oppover og nordover mot Olden.
På Kvitefjellet stod det tidlegare ei uteløde, men der har aldri vore sætredrift.
(I alle fall ikkje som vi veit om ;) )
Men råsa ligg der framleis, og turen er fin!
Og om der ikkje er noko sel å kome opp til,
så e der ikkje noko å seie på hverken plassen eller utsikta.

På veg opp mot Kvitefjellet kom vi fram til at sist gong vi var der var medan Ali levde.
Vi syns å hugse at vi prata på at råsa skulle vore rydda den gongen og, 
så råsryddingsturen kom ikkje for tidleg for å seie det slik:)

~ Ali-vofsen <3 ~
Planen er å få til råsa slik at ein startar mot Kloven (svart strek)
for så å gå rett utover mot råsa til Kvitefjellet omlag der den råsa tek ein krapp sving.
Som de ser; litt råsrydding var kanskje på tide :)
Samekniv og Jonsered 455 - begge deler arva av sjølvaste Andreas-besten.
Den trufaste samekniven fekk avløysing av eit moderande skogingsredskap av litt større kaliber, 
sjølvaste motorsag Johnsered 455.
Arvegods av finaste kvalitet!

Litt småkratt er ikkje noko problem for slikt eit lag!

~ Gjerdanibba, Daurmålsnibba og Høgenibba ~
Dagmar klarte ikkje å ta knekken på alle granfelta i dalen!
Der dei store må gi tapt finn dei små grunnlag for nytt liv.
~ Utsikt frå Kleivane ~
Tenk å hatt ein benk ståande her!
* notere seg bak øyret *
~ Skogalada ~
Restar av ei svunnen tid.

Skogalada hass Steinar er i litt beire forfatning.

Det er ikkje alle som gir seg om dei fell overende ein gong eller to...
Nesten framme ved målet måtte vi innsjå at vi kom ikkje til å rekke fram i dag.
Er det kake klokka 5, så er det kake klokka 5 :)

Så resten av råsa får vi skoge ferdig ein anna dag.

P.S. Kakene var go! :) 

K&K <3
583


lørdag 25. august 2012

Ettermiddagstur Innvik - Olden via Honn 24. august

Grunna tett program ser det desverre mørkt ut for heljas langtur,
noko som er trasi, men kanskje like greit for knea til Kvakkine.
Turen på Gjerdaaksla førre søndag var verkeleg bratt, noko knea veit å minne ein på ;)

Men ei heil helg utan tur går ikkje, 
så difor vart den mykje omtala turen Innvik - Olden via Honn gjennomført fredags ettemiddag.
Nok ein gong i godt selskap. 

I opptur Sogn og Fjordane var turen oppgitt til 7 km og 3 timar.
Vi starta difor med godt mot frå Ica i Olden litt etter arbeidstid. 
Vi tok bilen til Innvik og følgde skogsvegen opp mot Remestøylen. 
Derfrå gjekk turen til fots.
Remestøylen ligg på ca 500 m.o.h og Honn på 899 m.o.h, 
så turen er meir ein vandretur enn ein klatretur.
Fint for fredagsslitne fota.

Kartutsnitt over dagens vandring.

Turen starta fint i solskin og med ei nydeleg utsikt frå første skritt,
einaste minuset var eit særdeles vått og gjørmete terreng.
Heldigvis var vi godt skodde alle mann, så store hindringa vart det ikkje.

Tenk å vasse her ein sumardag...
~ Hjartebjørk ~
Foto: Linda Gytri

~ Med Remestøylen og sola i ryggen ~
Foto: Linda Gytri

Like fasinerande kvar gong kor annleis alt e om ein berre kjem seg litt opp.

Vegen mot Ceciliekruna.
To i følgjet var godt nøgde med at det ikkje var målet for turen - i dag.
Kvakkine hadde lagt att stavane heime, men gentlemannen Kvakk ordna opp <3
Foto: Linda Gytri
Suss?
Å vere priviligert .... det er melom anna å få lov til å bruke ettermiddagane i slike omgjevnadar.

~ Honnvassromantikk ~
 Då vi kom fram til Honnvasshytta gjekk det opp for Cecilie at ho faktisk aldri hadde vore på toppen av Honn før, 
hytta derimot hadde ho vitja så mang ein gong.
~ På toppen av sjølvaste Honn ~
Ned frå toppen guida Cecilie oss gjennom ei alternativ rute ;)
Ideèn var å ta ein snarveg, men det gjekk vel ikkje heilt slik som det var tenkt.
Ting ser litt like ut opp i høgda, og sjølv den beste kan ta feil :)
Men positive og optimistiske som vi er likar vi å kalle slike ekstra skritt for bonustrim framfor omveg :)
Er ikkje greit når sjølv guiden går seg skårfast ;p
Ein ven i nøden er god å ha.
~ Loen ~
~ Olden ~ 
Om turen opp til Honn var våt og gjørmete, så var turen ned frå Honn dobbelvåt og dobbelgjørmete.
Mørket kom snikande og tempoet gjekk nedover.
Det er nemleg ikkje så enkelt å gå nedoverbakkar når ein ikkje ser!
Men trygt fram kom vi alle mann, 
og gleda over å møte på ein traktorveg har sjeldan vore så stor som på Skarsteinsætra:)

Vel framme på Skarstein hadde vi lagt bak oss heile 11 kilometer, og ei fin oppleving.
Vi var alle einige om at vi tek gjerne turen igjen, men då gjerne med litt mindre væte og litt meir dagslys :)

Så mørkt vart det før vi nærma oss nesten framme!
 Takk for turen Linda og Cecilie!

K&K <3

Kveldstur til Jakobsbu, ei relativt nyoppdaga perle, 21. august

Det fine med å gå mykje på fjellet er at du ikkje får ro i kroppen til å sitje still i sofaen kveldane.
Så då er det berre ein ting å gjere ~ gå meir.

Klokka nærma seg halv 10 før vi var ferdige på campingen for kvelden, men på tur ville vi!
Sidan det allereie var begynt å skumre
fann vi ut at det kunne vere ein fordel å ikkje velje den mest igjengrodde råsa.
Valet vart utfrå dette kriteriet relativt enkelt; Jakobsbu.
For han Jakob Aaberg har som regel stell på sakene oppi fjellet!
Og det viste seg å stemme denne gongen også.
Råsa var nyslådd og fin, og godt framkomleg sjølv i mørkna.

Turen på Jakobsbu er enkelt og greit ei perle <3
Det var mamma-Lillian som tipsa om turen ein gong i vår,
og sidan den gong er råsa blitt flittig brukt.

Så dagens anbefaling:
Har du ikkje vore på Jakobsbu, så ta deg en tur!
Har du vore på Jakobsbu, så gå ein gang til!
Vi blir gjerne med :)


Nesten nede att fann vi ut at han Jakob ha lagt om råsa
slik at ein kjem ned på Aaberg framfor ut i Kvistein.
Men det er ikkje noko problem, for  mellom Aaberg og Kvistein går jo sjølvaste Sofiestien!
~ idyll, luksus, lykke og alt som er fint  ~
~ Oldedalsfjell i kveldsljos ~
~ Sjølvaste Jakobsbu ~
Linda har høyrt frå relativt sikre kjelder at grunnen til at halve taket er bølgjeblekk
er at han Jakob skal kunne høyre på regnet når han søv.
Vakkert!

K&K <3
448

Tur på Gjerdaaksla 19. august

Mange fine fjell- og sætreturar siste tida har gjeve meirsmak!
Denne helga var vi difor lystne på å kome oss litt lengre opp i høgda ~ lystne på å få litt meir utsikt. 
Vekas søndagstur vart med dette utgangspunktet lagt til Gjerdaaksla, ein topp heime i Sønda på 1848 m.o.h.
Kvakken gjekk turen saman med turlaget for nokre somrar sidan,
og tok utan større bekymringar på seg rolla som guide.
Nok ein gong var det vi to og Cecilie som planla å gå turen ilag, 
men det har vist seg at når vi først har bestemt turmål er ikkje folk seine med å hive seg med. 
Det kan vi like!
Denne gangen var vi så heldige å få selskap av Sindre, Stig Daniel og Johnny.
Stas!

Turen frå campingen via Gjerdane, opp til toppen, innom alle 3 varane og tilbake til campingen strekte seg over 17 km.
~ Fjellheimen ikring ~
Bilde lånt frå  http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/aerial.htm
Yr melde 30 mm nedbør natt til søndag og opplett frå søndags morgon 06.00
  ~ og for ein gongs skuld såg dei ut til å ha rett!
Vi var litt skeptiske når vi såg mengdene som bøtta ned laurdags kvelden,
og vart difor ekstra godt nøgde når vi vakna opp til blå himmel
(i alle fall på mindre parti) morgonen etterpå.

Vi starta heimanifrå i 9-tida søndagsmorgonen for å ha god tid.
Dette viste seg å vere lurt.
Turen til Gjerdaaksla var nemleg både særdeleg lang og særdeles bratt,
men også utan tvil særdeles fin!


~ Gjerdadalen ~

~ hjartestein og gode sko ~

~ Det var ingen som sa noko om at det var so bratt! ~
Sitat © Sindre
~ Utsikt nedatt til Flåtane ~
~ Gytridalen ~
~ Høgenibba var ikkje så veldig høg sett frå Gjerdaaksla ~
~ Ein liten bit av Oldevatnet, langt, langt nede ~
~ Sundsbreden ~
~ Gjerdavatnet ~
~ Klar, ferdig, gå! ~
~ Det er mykje beire viss dokke berre går dar! ~
~ Ei hand å halde i ~
Ser DU hjartet?
4 stk. glad norsk ungdom i ekte norsk steinur.
Store delar av turen gjekk oppover, bortover, nedover eller gjennom steinurer i ulike variantar,
noko vi kom fram til måtte vere særdeles bra for balansen.

~ Sjølvaste aksla ~
~ Daurmålsnibba ~
~ utsikt ~



~ toppen ~
Å Gjerdaaksla reiser sitt breie vern mot aust - så sant så sant.
 Vel framme på toppen tok vi oss tida til å gå innom alle 3 varane for å få med oss mest mogleg utsikt,
før det vart ei god matpause ved vare nr 3.

~ Skåla og Skålatårnet ~
Utsikt mot Smørstabbtindane.
(Takk for opplysning Rune!)


~ Hornindalsrokken ~

Ein særdeles kjekke gjeng å gå på tur med!
Cecilie er blitt ein racer til å få auge på hjartestein.
Tidenes brattaste nedstiging.
Gjerdaaksla er toppen du ser lengst bak i Gjerdadalen.

Takk for turen!
K&K <3

4985