I morgon er det nøyaktig ei veke sidan sist gang vi hadde på oss fjellskoa.
Det er ei merkeleg kjensle for å seie det slik!
Men veka har vore bra, sjølv utan den etterkvart så viktige ingrediensen fjell.
Lasse og Rikke har hatt fine daga i sola i Tyrkialandet,
og vi har vore so heldige å fått lånt Sara- og Tonygull ei heile veke te endes.
Stor stas for tante og onkel!
Tida har gått med til kos, puslespel, barne-TV og fjøsstell,
samt litt Kilimanjaro-førebuingar innanfor husets fire veggar etter leggetid.
Denne veka har det ramla inn pakkar til K&K på postkontoret med jamne mellomrom.
Sara og Tony syns det er litt urettferdi at dei voksne får pakka kvar dag,
men dei voksne syns det er heilt ok :)
Liggeunderlag, haudelykter, dunjakke, vanntette north face baggar og multiverkty
er noko av det som er kome på plass siste veka.
Det har også blitt nokre småturar til Stryn for å handle inn andre livsnødvendige ting som sportstape, sunblock, regnponcho, new energy, melkesjokolade, gnagesårplaster, kleenex, ziplock-posa osb. osb..
Den dagen baggane kom i posten var det stor glede i heimen.
Prøvepakkinga kunne byrje!
Litt usikker på om vi gruar eller gledar oss til å finne ut
kor vi ligg an i høve til dei 15 kiloane vi kan ta med kvar - men vi ventar i spaning ;)
Manko på vanntette pakkeposar, samt soveposar, gjorde at prøvepakkinga ikkje vart heilt komplett,
men vi har det i alle fall i orden på papiret:)
Etter timar med diskusjon og spekulering trur og håpar vi pakkelista er komplett,
103 punkt, verken meir eller mindre:)
~ Pakkerot ~ |
~ Nye, romslege, vanntette og fine North Face-baggar ~ |
~ Utan mat og drikke, duger helten ikke ~ |
~ Vanntette sko er ein stor bonus, klargjering til impregnering på gang ~ |
~ Vi kryssar av, litt for kvar dag ~ |
~ God gamaldags skosmørning frå militæret på Voss kring 1977, beste sort ifølgje Kvakken sjølv ~ |
I morgon satsar vi på tur!
K&K <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar