Totalt antal sidevisningar

søndag 9. september 2012

Impulstur til Sognskaret (Sygneskaret) 8. september

Fredagen gjekk med til jobb og koseleg Emma-besøk.,
hovudsakleg beståande av handarbeid og MGPjr på sofaen.
Begge dele i avslappa bakoverlent stilling.
Det einaste Kilimanjaro-relaterte som vart gjort denne dagen
 var å skrive pakkeliste til den store ekspedisjonen.
Kvakken opna ei ny excel-fil og byrja skrivinga 
medan dei to frøknene i sofaen kom med gode forslag frå sidelinja.
Emma vart meir og meir forferda til fleire punkt som kom på lista,
og då vi passerar punkt nr. 93 utbryt ho;
"Har de tenk å knekke ryggen dokka eller!?!"
Onkel Kvakk prøvar å berolige henne med at vi skal ha med oss både 
guide, kokk og bærarar, tilsaman 5 stk som skal hjelpe onkel og tante opp på fjellet.
"Tulla du no onkel? Ditta der trukje eg på!"
Ikkje greide vi å overbevise ne heller...

Klokka tikka, og det vart leggetid for Emma.
Kvakk og Kvakkine derimot heldt fram med sofalivet nokre timar til.
Einaste forskjellen var at no vart MGPjr utbytta med Kvakken sin favoritt; "Miss Marple".
Midt på seint, 
etter at Kvakkine allereie har sove ei stund på sofaen, 
var det på tide å finne senga.
Kvakken låk i ryggen etter sofaslitinga og Kvakkine med tur-abstinensar.

Konklusjon; Imåra må vi på tur!

Neste morgon vakna vi til pøsande regn, vind og grå himmel.
Men på tur skulle vi!
Vi måtte berre ein snartur til Stryn først 
for å kunne stryke nokon av dei x antal punkta på handlelista.
Vêret vart ikkje noko betre, og vi handla meir.
Medan vi handla kom det både beskjed, kontrabeskjed og beskjed igjen om Johnny 
vart med oss på tur, eller ikkje, alt etter kor verste regnbyga var i forhold til tunet hans heime.
Flaks for oss at vêret var bra når vi passerte Greidung!
Trude skulle eigentleg òg vere med, noko feberen desverre sette ein stoppar for..
Vi gledar oss til å ha deg med neste gang!

Etter å ha plukka opp Johnny sette vi kursen mot Grasdalen for å gå turen opp til Grasdalshytta.
Vindusviskarane fekk arbeida i eit varierande tempo, då graden av lokale regnbyger var særs stor!
Vel framme med første Strynefjellstunellen fekk vi vite at det var ein og ein halv time til neste kolonne gjekk.
Godt planlagt!
Det ville ikkje vi vente på, og utan meir om og men 
bestemte Johnny at då går vi oppgjennom Sundalen og opp til sætra der istaden.
Som tenkt, som gjort, og på veg var vi.

~ Dagens rute ~
BMW'en vart ikkje så veldig god venn med traktorvegen oppgjennom Sundalen, 
men vi fekk fjerna litt understellsrust og fram kom vi.
På parkeringsplassen fekk vi dei siste regndropane, og alt låg til rette for ein fin tur.




Vel framme på Sundalssætra tok vi ein pust i bakken og delte ein Kvikk Lunsj 
før vi hadde ein kort diskusjon om kvar ferda skulle gå vidare.
Ifølgje den lokalkjende hadde vi to alternativ;
a) til venstre mot Kamperhamrane
 b) til høgre mot Sognskaret.
I ettertid er vi litt usikre på kva som var den avgjerande faktoren, 
men vi sette i alle fall kursen mot høgre.
Kamperhamrane får vi ta att ein annan dag.
Ein god time seinare var vi framme i Sognskaret.
Der møtte denne koselege hytteveggen oss:

~ Ei postkasse og ein sko ~
~ Den obligatoriske hytteinspeksjonen ~
~ Det næraste ein kjem eit Akasia-tre her heime ~


~ Eit av to fiskevatn i Sognskaret, 662 m.o.h. ~
~ Her hadde det jammen vore fint å sett opp telt, Cecilie! ~

~ Hjartevatn ~
~ Sundalsromantikk ~
~ Sundalssætra ~
~ To kjekke karar ~
~ Med melis på toppen ~
~ Dagens hjartestein ~
~ Haust ~
~ Den morgonen som starta so grå ~
~ Betingelsen for at Johnny skulle vere med var at regnet gav seg, noko det gjorde til gangs utover dagen ~
~ Nesten nede att trakka Kvakken skonen godt ned i myra,
va jammen bra han fann seg ei skikkeleg myr å gjere det i
når han først skulle bli våt alikavell liksom ~
 Takk for turen Johnny!
K&K<3

4 kommentarer:

  1. Som vanlig flotte bilder.Aby

    SvarSlett
  2. Jammen er de flinke! Kjekk blogg å lese, blir skikkeleg inspirert eg:-)
    Klem Jorunn

    SvarSlett
  3. Tusen takk ABY!
    Supert Jorunn, då ha vi nådd litt av målet vårt:) Spørs om vi skulle tatt en tur ilag m ungane iløpeta veka:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var ein god plan:-)
      Jorunn

      Slett