Totalt antal sidevisningar

lørdag 1. september 2012

Fullmåne, stjerneklår himmel og telt på Kvitefjellet 31. august

Oi, sjå den plassen her då! Her hadde det vore fint å sett opp telt!
Nemmen, her va det flatt og fint! Hadde det ikkje vore fint å sett opp telt her vel?
Sjå der då Cecilie! Der va en fin plass! Tenk å sett opp teltet der du! 
Ikkje e de so høgt oppe heller, so det går sikkert fint å bere opp bagasjen!
Nemmen, dinna plassen e jo berre heilt perfekt for å slå opp telt en kveld! 
Sjå kor idyllisk då!
Siste variant:
Cecile: Ser du noken fine teltplassa?
Kvakkine: Ja, men eg fann ut eg ha sagt det so mange ganga no at eg berre tenke det stille inni meg :)

I går kom omsider den store og ikkje minst etterlengta dagen!
Kvakkine sin draum såg endeleg ut til å gå i oppfylling!
Heime i Velom gjekk Kvakk og Kvakkine rundt både seg sjølv og kvarandre ein heil del runder 
før telt, liggeunderlag, soveposar, haudelykt, tannkost og niste var komt i sekken.
Endeleg!
Vi skulle på TELTTUR!


Ferda gjekk mot Kvitefjellet, og denne gangen kom vi heilt fram.
Ikkje noko tidspress, ikkje noko å rekke, berre vi to med heile kvelden framfor oss.

På turen opp fekk beina kjenne skilnaden på å gå med dagstursekk vs. overnattingsoppakning.
Men ute ette trening so vi e, veit vi å setje pris på all den bonustrimmen vi får lurt inn på ulike måtar.
Vel framme på Kvitefjellet var himmelen framleis blå og alt låg til rette for ein finfin kveld.

Vi sette av oss sekkane, 
slo opp teltet,
tok med oss sitjeunderlag 
og fann fram eit par glas med noko godt oppi.
Rett nedanfor teltet fann vi ein fin plass med fin utsikt.
Her skulle vi tilbringe kvelden.

Sakte men sikkert gjekk himmelen over i mørkare blå, så svart,
og klokka tikka sakte men sikkert vidare.
Kvakk og Kvakkine prata, lo, mimra og smilte.
Eit stykke ut på kveldinga byrja til og med fullmånen å klatre Gjerdanibba.
Det fine med å vere ute i skogen ein slike kveld, 
vekk frå både utelampar og gatelys, 
er at du ser så mykje betre!
For det er nemleg mykje fint å sjå på sjølv om kvelden er aldri så mørk!
Før månen klatra Gjerdanibba teikna han nordlysliknande mønster på himmelen.
Enkelt og greit vakkert!
Då månen til slutt fekk kara seg over nibbekanten, vart heile skogen opplyst.
Fullmåne er ein fin ting!
Månen spegla seg i vassflata på Oldevatnet 
og løfta den allereie svært så idylliske kvelden endå eit hakk opp på idyllskalaen.

~ Fullmånekjærleik ~


~ Kvakk & Kvakkine - godt nøgde med kvelden ~
Rett før leggetid kom det derimot eit skår i gleda.
(Skåret burde kanskje vore størst for Kvakken, men det verka som Kvakkine tok det heile hakket tyngre).
Histora utspant seg slik;
Kvakken skulle ha seg ein siste kopp kaffi og baylies før soveposen kalla.
Koppen vart skjenka og plassert i graset, 
grunna at Kvakken måtte bak "nova" og gjere eit nødvendig ærend.
Vel tilbake la Kvakken arma rundt Kvakkine og tok kaffikoppen i hi.
Vi slarva vidare, og Kvakken nippa til den ovanfornemnde koppen.
Kaffi og baylies på fjellet va eigentleg ganske so godt!
Når koppen nærmar seg tom, skrur Kvakken på haudelykta og lyser ned i koppen før han utbryt;
"Åja, det var det dei to klumpane eg kjende va!" - roleg, men kaldt.
Kvakkine kikar ned i koppen, 
og der svøm det to edderkoppar
godt over gjennomsnittet store!
Skrekk og gru!
Edderkoppkompis 3 og 4 var ikkje der lengre for å seie det sann.
Kvakkine vert lettare hysterisk og meir eller mindre uvel i magen, men Kvakken var roleg som alltid;
"Eg trøsta meg med at dei har det verre en meg! Å svømme i magesyre er sikkert ikkje noko særleg..."

Eg gjer meg ende over.

Når den mindre koslege episoden var komt litt på avstand var det tid for 
puss, puss så får du en suss og soveposetid.
Kvakken var framleis gentlemann og fjerna
eit par ubudne gjestar frå teltgangen før vi slo oss til ro for natta.
Rundt oss kvitra fuglane og elvane susa.
Tenk å vere så heldige å få lov te å slå seg til ro for natta på ein slike plass!
Vi sov godt, åleine i teltet, utan fleire ubudne gjestar.

***

Morgonen etterpå var det frukost på kanten av Kvitfjellet, 
før Kvakken fyrte opp motorsaga og Kvakkine pakka ned campen.
Råsa skulle ryddast ferdig, og pliktene heime kalla.


~ Ikkje feil å ete frukost til slik ei utsikt ~
~ Camp Kvitefjellet ~
Tusen takk for lån av telt Cecilie!

~ Nyvåkna og fotogene ~
~ Over skodda er himmelen alltid blå ~
~ Fleire spor etter svunne tider ~
~ Lita jente, stort tre ~
Ho va sterk ho der Dagmar!
~ V for Vilh ~
~ A for Kvakk ~
 ~ L for Lasse ~
Små gutar sette spor etter seg på tur med papsen for ei lita stund sia.
K&K <3

417

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar