Totalt antal sidevisningar

mandag 24. september 2012

Middag med fin utsikt 24. september

I dag skriv vi mandag veke 39,
veldig snart skriv vi søndag veke 39!
I desse tider på den ovanfornemnde søndagen set vi truleg 3 spente sjeler i flyet sørover,
på veg mot vårt livs eventyr :D

***

Under ei veke til avreise = mykje å gjere på jobb.
Kvakkine avslutta arbeidsdagen med ei lita dose hovudverk, 
og kom fram til at manko på fjelluft truleg var årsaka.
På veg til butikken ringde ho Kvakk og spurde om han ville vere med å ta middagen på fjellet.
Kvakk sa ja, så Kvakkine kjøpte to posar real turmat og vende fornøgd nasa heimover.

Vel heime pakka vi sekken og la i veg oppover fjellsida.
Målet var hytta til Olina og Roald,
ei hytte som ligg på ein stad vi er litt usikker på kva heiter.
Men vi veit kvar han ligg, og det er litt uttai Søndssætra.


Vel framme slo vi oss ned på ein høveleg stein og fann fram vår nyinnkjøpte primus eta solo 
- eit vidunder av eit kokeapparat.
Vatnet vart kokt og middagen var klar ikkje så lenge etterpå.

På menyen:
spagetti bolognese
&
lammegryte

Å ete middag 
på slik ein stad
til slik ei utsikt
og 
i slikt eit selskap
er definisjonen på 
lykke!

~ Ei ny årstid er i emning ~
~ Gjerdanibba og Daurmålsnibba ~
~ Rake ~
~ Ceciliekruna med melis på toppen ~
~ Idyll ~
~ Særdeles god mat, særdeles fin utsikt og særdeles bra selskap ~
~ <3 ~
Dette skal vi gjere fleire gongar!
(Og fjellufta fungerte betre enn både ibux og paracet til saman)

K&K <3

1 kommentar: