Totalt antal sidevisningar

søndag 30. september 2012

Endeleg på veg ~ søndag 30. september


I skrivande stund sit vi i bilen på veg mot Gardarmoen og flyet som skal ta oss til det store utland. 
Flyet går frå Gardermoen 15.50 og er framme på Kilimanjaro Airport i morgon tidleg klokka 10.00. 
På vegen skal vi mellomlande i Doah i Qatar, nabolandet til Saudi Arabia, og vere der i 3 timar.
 Ikkje verst å vere innom 3 kontinent på under eit døgn! 
Korleis det ligg an med lokale tidsforskjellar er vi litt usikre på, 
men at det blir ein lang flytur er det vel ikkje noko tvil om… 
På Kilimanjaro Airport står det forhåpentlegvis ein sjåfør frå Marangu Hotel og plukkar oss opp 
~ og då kan ein seie at eventyret er i gang på ordentleg.

~ Hjartefasinasjonen når stadig nye høgder, denne gongen: HJARTE-CHIPS <3 ~
~ Fin utsikt over Strynefjellet tidleg ein søndags-morgon ~
Dei siste dagane har vi brukt mykje av tida på jobb, pakking, 
samt det nyttige tidsfordrivet å gå i ring rundt oss sjølve.
 Kvakk og Kvakkine nytta seg av metoden langtidspakking,
 noko som inneber at alt ein trengde var funne fram og lina opp på salongbordet god tid i forvegen. 
Likevell fekk vi erfare at å pakke til ein Kilimanjarotur er ikkje gjort i ei handvending. 
Sjølv om alt var gjort klart på forhand brukte vi rundt rekna 4-5 timar på å få alt på plass i baggane og 
sekkane, samt dobbel- og trippelsjekke at alt var med. 
Cecilie, som ikkje var ferdig på jobb før laurdag klokka 4, 
nytta seg av den litt meir effektive metoden korttidspakking. 
Frustrasjonen var stor då baggen viste seg å vere altfor liten, 
men etter nokre runder med prioriteringar og nedskjæringar var alt på plass for alle tre J
Kort tid etter var det på tide og ta kveld og lade opp til morgondagens mange turar i bil og på fly.

~ Langtidspakking ~
~ Korttidspakking ~
~ Bra berekna med tanke på at berarane kan bere 15 kg ~
~ Fortvilelsen va stor då Kvakken innsåg at Cecilie hadde lurt han til å kjøpe sovepose laga av ANDE-dun ~
04.30 søndags morgon ringde første klokka. 
Då var det på tide å kome seg opp, lage niste til turen, rydde litt hus, 
fjerne restane av fjellutstyret som har dominert alle ledige flater i gamlehuset siste månaden, 
samt  trippelsjekke at alt var med nok ein gong.
Klokka 6 var baggasjen komen i bilen og vi var på vegJ

Om alt går etter planen startar vi på fjellturen tysdag 2. oktober. 
Dei neste 7 dagane vil gå med til å gå oppover, før vi står på toppen tysdags morgon. 
Resten av tysdag + onsdag går vi nedover, so tek vi resten derfrå J

Takk for alle god-tur meldingar!

K, K & C <3

9 kommentarer:

  1. åååå som dokker må kos dokker på tur! Glær mæ så på oppdatering og ikke minst t dokker kjæm hjem igjen <3 God tur alle 3 :D

    SvarSlett
  2. Eg er sikkker på at dette blir ei fantastisk oppleving! Kos dåkke. Kjem til å sakne deg på jobb Anne-mor.
    Klem Jorunn

    SvarSlett
  3. Massemasse god tur :D Fett at dere gjør dette her!

    SvarSlett
  4. Så utrulig spennande! Masse god tur, regna med det blir ei fantastisk oppleving:D Gler mej til å lese forsettelsen!:)

    SvarSlett
  5. Fantastisk eventyr i vente. God tur til alle:-) God tur klem frå Merete

    SvarSlett
  6. Goood tuuur!!:) ditta blir nok litt av en opplevelse og ej e litt misunnlig kjenne ej.. Gleda mej til å sjå bilde fra turen og høre kor d går :)

    SvarSlett
  7. Ha ein fantastisk tur :) Gleda meg til å få høyre alt om turen! Håpar alle når toppen! Klem Ingvild :)

    SvarSlett
  8. Gooood tur! Og pass godt på kvarandre! :D
    - Andrine.

    SvarSlett