Endeleg var dagen komen, og vi skulle på tur igjen!
Vi køyrde opp til Huaren, og tok etter litt vegleeing frå Elin fjellskoa fatt derifrå.
Turen herifrå og opp på Avlei/Auflemsætra var finfin.
Skåla-skjerpaane har siste tida laga råsa fin og flott og lett framkomeleg
ved å mure opp steinar som var både store, svære og større enn størst.
Kvakkine kunne ikkje anna enn å bli imponert over at
det i det heile tatt gjekk an å flytte på steinar av eit slikt kaliber.
~ Fjellro ~ |
~ Sjølvaste Kartlesar Kvakk ~ |
Litt forbi Fjellro-selet møtte dette synet oss:
Kvakkine: Oi, dinna hytta har jo bokstavli talt kollapsa! Kvakk: Nei, eg trur den har landa der... ... og det hadde den! |
For litt lenger oppe og litt lenger bak kom vi over tomta der hytta ein gong hadde stått.
Sterke dame ho der Dagmar!
~ Plassen der det ein gong stod ei hytte ~ |
Vidare frå hytterestane gjekk turen i retning av Murinibba, eit fjell på 1119 m.o.h.
Råsa frå sætra til nibba klarte vi ikkje å pense oss inn på i byrjinga,
noko som resulterte i at Kvakken traska beine vegen rett opp, gjennom lyng og innimellom kratt.
Slikt likar ikkje Kvakkine!
Kvakkine likar gode stiar og merkte reser.
Kvakk ymtar forsikig frampå om det ikkje er stas å gå der ikkje hundrevis har gått før deg?
Kvakkine trengde ikkje lange betenkningstida før svaret kom:
NEI!
Tolmodige mannen fortjena ein medalje!
(Heldigvis for Kvakken dukka råsa opp ikkje så lenge etterpå...)
Vel framme på nibba var det både vindigt og forblåst,
så vi traska raskt vidare i håp om betre vêr.
Men vi tok oss tida til å nyte utsynet ned på Murifjellet før ferda bar vidare.
"Der har vi vore!" kunne vi seie då.
"Der har vi vore!" kunne vi seie då.
Og når vi løfta blikket fann vi ut at det var ganske mange fleire stadar
som passa fint innunder same replikken.
Stas!
Frå Murinibba og vidare mot Avleifjellet sikksakka vi oss opp gjennom steinure og fjellknausar.
Vi byrjar etterkvart å bli gode på slikt.
Ein frisk marsj seinare var vi framme på 1500 m.o.h.
Oppe på toppen prøvde vi å halde stø kurs beint fram,
men sjølv om føtene gjekk framover flytta kroppen seg meir sidelengs.
Her var det enkelt og greit forblåst.
Etter å ha tatt dei obligatoriske toppbileta fann vi oss ein stad med litt ly,
slik at vi kunne dele ein kopp kaffi og ein liten nistepakke.
Hue, buff og vinterhanska var gode og ha og kom raskt på.
Ferdige med matpausa hadde vi eit kort råd før vi fann ut at
vi sparar resten av turen til ein annan dag.
Surt og kaldt var det, og Kvakken skulle på møte klokka 7.
Utan bøygde nakkar nytta vi oss difor av fjellvettregel nummer x:
"Vend i tide. Det er ingen skam og snu"
og tusla blide og fornøgde heimover.
~ Vegen mot den Kinesiske Mur ~ |
~ Hjarte i stein ~ |
| ||
~ I Afrikalandet har dei hatifnatta så store som menneske, i Olden har vi hattifnatta så store som mus ~ |
~ Heilt ok utsyn ~ |
~ Det fine med at det regnar når ein går på tur ~ |
~ Skåla i tåka ~ |
~ Majestetisk ~ |
~ Vindigt med stor V ~ |
K&K<3
2942
ååh hattifnatta :) hihi!
SvarSlettSåg ut som en hærlig og vinfull tur.