Totalt antal sidevisningar

16531

onsdag 19. september 2012

Ei særdeles gledeleg overrasking

Som nokre kanskje allereie har fått med seg av den nye bloggtittelen,
så er det ikkje lenger berre Kvakk & Kvakkine som skal på tur:D

Siste månadane har vi hatt mange fine fjellturar ilag med Cecilie,
og på dei fine turane har vi hatt ganske so mange fine samtalar.
Døme på ei ganske så normal tursamtale:
Cecilie: De e so heldige! Eg e so missuneleg!
Kvakkine: Eg veit! Du får hive deg med:)
Cecilie: Nei, eg kan ikkje...
Kvakkine: Eg skulle so gjerne ønske at du kunne vere med!

Neste tur:
Cecilie: Heldiggrisa!
Kvakkine: Eg veit! Bli med då!
Cecilie: Nei, eg kan ikkje...
Kvakkine: Eg skulle so gjerne ønske at du kunne vere med!

Tur nummer tre:
Cecilie: De e so heldige! Eg e so missuneleg!
Kvakkine: Eg veit! Du får hive deg med:)
Cecilie: Nei, eg kan ikkje...
Kvakkine: Eg skulle so gjerne ønske at du kunne vere med!

Ein heilt vanleg laurdagskveld ved kjøkkenbordet i Velom.
Cecilie: Rekke eg å ta alle vaksinene før de fer?
Kvakkine: Bli du me!?!?
Cecilie: Eg har veldi lyst!
Kvakkine: Vi sjekkar!

Og så gjekk resten av den kvelden til å prøve å bli kloke på vaksinasiner og andre turrelevante ting.

Mandag morgon vart legetimen bestillt og mandag ettermiddag var Cecilie reiseklar:)

For ei glede!

Når vi madags kvelden skulle bestille flybillet,
viste det seg at det ikkje var ledige flybillettar på flyet til Kvakk og Kvakkine.
Første alternativ var at Cecilie skulle reise åleine med eit anna fly,
mellomlande i Saudi Arabia og vente der, åleine i 8 timar.
Av ein eller annan grunn hadde ikkje frøkena so lyst til det;)
Men Kvakken ringde flyselskapet og fekk booka om billettane,
så no reiser vi frå Gardermoen alle 3, søndag 30. september :D
11 dagar igjen!

Mandag 1. oktober landar vi på Kilimanjaro International Airport,
tysdag byrjar vi bestiginga av Kilimanjaro,
mandagen etter er vi forhåpantlegvis på toppen,
onsdag er vi forhåpentlegvis nede att,
torsdag og fredag vert det safari,
laurdag vender vi nasa heimover.

Vi gledar oss!

~ Blir heilt OK+ å få ha med denne solstråla på tur ~
K&K <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar