Plutseleg var det slutt på tida då vi kunne ta oss ein rask kveldstur etter stengetid
og framleis sjå kvar vi sette føtene på veg heimatt.
September er i gang,
September er i gang,
og no kjem mørket sopålag krypande før vi rekker å låse opp kioskdøra i det heile.
Men det er som dei seier;
Tida fyk når ein har det løje,
og jammen har det gått fort mot haust i år!
Men hausten er jo tross alt finaste tida i fjellheimen, så vi har enno mykje å sjå fram til :D
Men mørke kveldar er inga hindring for turlystne Velom-bebuarar!
Kvelden var enno ung, og haudelyktene låg lett tilgjengeleg.
Vi bestemte oss for å ta turen til Laukjisætra.
Cecilie var lett å be, og nærmare halv ti kvelden sette vi oss i bilen, klare for tur.
På Laukji parkerte vi bilen, og vende nasa oppover mot fjellheimen.
Kvakken gjekk bakerst med si magic-shine hovudlykt nummer eit eller anna.
Guten er særs nøgd med invisteringa si,
noko vi hine stadig vert påminna om at han har god grunn til!
Kvakkine og Cecilie såg ikkje igjen mykje av lysflekkane sine på turen for å seie det slik ;)
Kvakkine stilte som fotografassistent og hadde med seg dagstursekk for å få med kamerastativet.
Ein kan ikkje lage kveldsblogg med blury kveldsbilete!
Slikt høyrer ikkje heime nokon stad, og då må stativet vere med på tur!
Slikt høyrer ikkje heime nokon stad, og då må stativet vere med på tur!
Vi hadde ein forfriskande tur oppover fjellsida.
Både vetet og snakketyet vart lufta,
og oppe på sætrevollen fekk vi endå ei belønning;
Olden by night er eigentleg ganske so vakkert!
Klokka nærma seg halv 12 før vi var nede i lavlandet att.
Då viste temperaturmålaren på bilen heile 13 grader!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar