Totalt antal sidevisningar

mandag 24. september 2012

Kveldstur til Kvitfjellet 18. september

Kjært barn har mange namn og omvendt kan ein seie at kjært namn vert ofte brukt :)
I Velom har vi Kvitefjellet og på Bruvoll har dei Kvitfjellet.
Så lenge Kvakkine har kjendt Magdeli, har ho høyrt snakk om turen opp til Kvitfjellet,
men det har ikkje passa seg slik at ein har fått tatt turen ilag,
ikkje før denne dagen.
Planane har vore der i heile sommar, og endeleg kom dagen.

Kvakkine hadde sete heile dagen på Pals-kurs på Sandane 
og Kvakk hadde sete heile dagen henholdsvis bak PC-en på jobb 
og i siste førebuande møte før det store folkemøtet om fv60 Olden-Innvik.
Å avslutte dagen med ein tur høvde med andre ord særdeles godt.

~ Kvitfjellet på Bruvoll ~
Vi troppa opp på Bruvoll, og vart møtt av turklare Magdeli og Liv-Elisabeth.
Kjekke kjendtfolk som i tillegg er lokalkjende er alltid kjekt å ha med på tur!
Bruvollstausene var i storform og Kvakkine hadde meir enn nok med å henge på.
Kvakken er som kjent komfortabel med dei fleste tempo, og klagar skjeldan.
Magdeli hadde i forkant advart oss om at Dagmar hadde sett sine spor, 
også på råsa opp mot Kvitfjellet.
Vi var ut frå dette budde på det verste, men vart positivt overraska.
Vi har gått verre turar for å seie det slik :)

~ Det kjekke tufølgjet vårt ~
Vel framme kom stearinlysa på bordet og praten gjekk livleg.
På ei hylle inne i hytta stod 5 champagneflasker utstilt på rekke og rad.
Kvar champagneflaske er eit symbol på Liv-Elisabet sin tur nummer 100.
Ho har nemleg vore 100 turar på Kvitfjellet, 
kvart år, 
dei siste 6 åra!
Vi bøyer oss i respekt!
(Den første champagneflaska vart fortærande nok med nedatt etter feiringa, og sidan har ingen sett henne...)

~ Beviset ~
~ Hytta på Kvitfjellet ~
Takk for turen Magdeli og Liv-Elisabeth!

K&K<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar