I går skeia vi heilt ut og var ikkje i seng før klokka var halv
eitt på natta!
Slikt er nærmast for galskap å rekne med tanke på at vi stort
sett har vore i seng før 20.00 siste veka,
men Årdøle er framleis trivleg
selskap, og slikt kan ikkje sovast vekk.
Men Winlock skulle vere klar for
avreise til Lake Manyara National Park klokka 08.00,
så når klokka ringde litt
for tidleg, var det berre å stå opp, pakke saman pikkpakket sitt,
riste vekk
litt maur, få i oss litt frukost og setje oss i bilen.
Turen frå Marangu til
Lake Manyara strekte seg over fem klamme, varme og humpete timar i bil.
Er det
noko dei er gode på her nede, så er det å lage krappe fartsdumpar,
køyre forbi
både i tide og utide, samt det å tute for alt og ingenting.
Men vi kom oss
trygt fram og var klare for safari ut på ettermidagen ein gong.
Lake Manyara er eit veldig frodig område i kontrast til områda
rundt,
og safarien starta i eit regnskogliknande område.
Dette var utan tvil
området til bavianane.
Vidare på turen
opna landskapet seg opp og vi fekk sett mellom anna løve, elefant, sebra,
giraff,
flodhest, gnu, ulike typar antilopar, vortesvin, forskjellege fuglar og struts.
Safari er absolutt stas, og absolutt enklast å gjengi i bilete;
|
~ Baobab-tre, litt større enn ei gjennomsnittleg norsk fjellbjørk ~ |
Etter safarien var vi byrja å bli godt slitne,
etter langt over ein
arbeidsdag i bil i den trykkande varmen,
og tanken på eit hotellrom og noko
kaldt å drikke var forlokkande.
Winlock hadde ordna rom til oss på ein plass
han sa var «quite nice» og som hadde alt vi
trengde og der alt var inkludert
til den kjekke pris av 40$ natta i telt og 60$ natta i rom.
Kvakkine hadde gode
erfaringa frå safari i Kenya, der teltduken var det einaste
som minte om eit
telt i dei telta som vart brukt som overnattingsstad den gongen.
Telta i Masai
Mara hadde nemleg innlagt vatn, flislagt bad,
dusj, varmeflasker i sengane,
straum og toalett.
Så, supert tenkte vi, og venta spent medan Winlock snirkla
seg oppetter fjellsida.
Då vi tok av frå hovudvegen byrja vi derimot å ane
uråd.
Skiltet som viste veg til den omtalte lodgen var knapt lenger synleg
mellom buskaset,
og vegen vart smalare og smalare og meir og meir humpete.
Vel
framme i lodgen vart vi tatt varmt i mot av ein hyggeleg kar med namn Israel,
flott kledd og veldig serviseinnstilt.
Han forsikra seg særdeles mange gangar om vi var sikre på at vi ikkje ville ha noko kaldt
å drikke før vi bestemte oss
for om vi ville sove i telt eller i rom.
Vi var ikkje heilt komfortable med
plassen i det heile,
og kjende vi vart uvel i magane ved tanken på å ete maten
her.
Joseph og teamet hans har enkelt og greit skjemt oss vekk i fjellheimen!
Då vi omsider fekk sjå overnattingsalternativa,
fekk vi bekrefta at skiltet i
vegkanten ganske godt representerte standarden på lodgen,
og etter eit lite
kråketing, nøye overvåka av Israel,
moda vi oss opp til å spørje Winlock om det
ikkje var mogleg å finne
noko som var litt meir likt standarden på Marangu
Hotel.
Winlock stakkar hadde berre prøvd å gjere oss fornøgde,
då han trudde vi
var ute etter å overnatte rimlegast mogleg,
men vanskelege nordmenn er ikkje
alltid så gode å forstå seg på.
Etter litt om og men ordna Winlock eit 3
mannsrom til oss på Twiga Campsite and Lodge,
til den nette sum av 200$ til
saman.
Å punge ut med 7$ ekstra per perosn for det bytet gjorde vi meir enn
gjerne.
Første gode teiknet vi såg på Twiga var at der var andre folk
– og slikt
lovar vel bra, gjer det ikkje det?
På Twiga hadde dei hotellbar med kaldt
drikke, svømmebasseng,
internett, fine rom og myggnett over sengane.
Vi var
godt nøgde og kom fort inn i vante rutinar att med å finne senga tidleg etter
ein betre middag.
Det er rart med det kor trøtte ein blir når det blir mørkt
klokka 6.
(Vi såg for øvrig igjen Årdølene i ein sving tidlegare i dag. Litt
komisk med tanke på at vi har køyrt over 5 timar i retning vekk frå Marangu.
Men Tanzania er tydlegvis ikkje så stortJ)
C, K & K <3