Topp 3 - Kvakk
1) Å gå på fjellet ei heile veke med sekk på ryggen utan å vere låk i ryggen!
2) At "Duck" tapen kom til nytte.
3) Den fantastiske følelsen av å vere på toppen av Afrika!
Topp 3 - Kvakkine
1) Å kome over skydekket og nyte utsynet utover det kvite teppet.
Å sjå ned på skyene når ein sit inne i eit fly er ein ting, men å sjå ned på skyene når ein veit at ein har gått på eigne bein for å kome høgt nok opp, det kan ikkje samanliknast! Takk og lov for at ein hadde mange dagar å nyte dette synet på.
2) Å bli vekt kvar dag med eit "Good morning!" gjennom teltduken og ein kopp rykande varm te med nøyaktig 2 teskjeider afrikasukker i.
For så å nyte tekoppen med teltgluggen på glødt og verdens finaste soloppgang utanfor.
3) Å meistre kneika opp til Stella Point, totalt tom på alle måtar, for så vite at no, no er vi over det verste, og snart i mål.
Topp 3 - Cecilie
1) Å gå ei heil veke utan PC, utan telefon otan kjas og utan mas!
Fantastisk ferie!
2) Følelsen av å nå toppen - og at alle tre greide det ilag!
3) "Å vere hoven i trynet uten å sjå det sjøl" .
Det å kunne vere ei veke ute i naturen, senke krava og etterkvart til
og med bli komfortabel med "hol-i-bakken-do".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar